søndag 9. februar 2020

Genser i Påfugl garn

I utgangspunktet er oppskrifta til ein diger oversized genser.
Den som skal ha genseren, prøvde seg førstmed pinne 9,
som det står i mønsteret - det vart altfor stort,
ho prøvde seg med med pinne 7 . det vart altfor stort.
Garn og mønster vart lagt bort,
inntil ho ba meg om hjelp.
Etter litt teljing og rekning,
kom eg fram til at pinne 5 må verta okei.
 etter ønske er genseren blitt litt meir passelig i formen
Eg la opp maskeantal som i mønsteret,
og har ellers rekna og målt meg fram for å få 
vide nok armer, og store nok armhol
og ønska lengde.
Eg kom i mål,
men er nokså bestemt på,
at dette garnet skal ikkje bruke meir.
Store variasjoner i tjukkelsen på garnet,
det loa noko vanvittig,
det var tungt for armane og strikke,
gjer at det skal mykje til at eg velgjer dette garnet igjen.
At mottager er fornøgd er det viktigaste no.

1 kommentar:

  1. Dette prosjektet redda du i land i fin stil! Men har ikke vansker med å forestille meg at dette var utfordrende strikking. Du trenger ikke strikke mer av det garnet, men kan glede deg over et riktig fint resultat.

    God søndagskveld fra Ingunn

    SvarSlett