Viser innlegg med etiketten osloanorakk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten osloanorakk. Vis alle innlegg

mandag 30. desember 2019

Osloanorakk med dinosaur

Bestemorgutten ringde ein dag,
ivrig sa han:
"Du bestemor, kan du strikke genser med knapper til meg"
bestemor: "meiner du jakke?"
bestemorgutten: "genser."
Bestemor fekk snart ein ide i hovedet --- osloanorakk.
Bestemor lurer på kva farger det skal vera på genseren,
Blå skal den vera.
bestemor lurer på om det skal vera mønster på.
"dinosaur, og så med det vera litt kvitt der til tenner, og så litt rødt til tunge"
 bestemor lurer på om han kan ha hette på genseren.
Hette det kan han ha.
Bestemor finn fram ruteark og blyant,
og snart er dinosaurane klar.
Garn; Alpakkaull frå Sandnesgarn

eg strikka rundt på bolen.
bortsett frå dei omgangane der det er mønster

dette var det siste av mine hemmelige førjulsprosjekt.
I pinnane er det allerde nye prosjekt...
.
Eg vil ynskja alle mine følgere
et godt nytt handarbeidsår.

onsdag 25. desember 2019

Osloanorakk med traktor, til mann

Det starta med to osloanorakker til bestemorguttane.
"Sånn har eg og lyst på", sa ein mann..
Eg lo det litt bort der og då,
men har seinare i all hemmelighet
strikka ein genser til mannen.
Eg har brukt barnegenserene som utgangspunkt,
samt ei oppskrift til genser i rett størrelse.
Garn: Viking sportsragg
 genseren har nå vore lagra ei tid,
og spenninga var stor når julekvelden nærma seg
 passer genseren, blir den godt mottat?
 genseren passa akkurat,
og biletet under taler vel for seg sjølv

Endeleg kan eg få vise fram 
nokre "hemmelige" førjuls-strikkeprosjekt

onsdag 28. august 2019

Osloanorakk med traktor

genser til dei to minste bestemorguttane
 har strikka Osloanorakk,
og brukt eit traktormønster som passa
 sidan dette skulle passe til 2 år til 6 mndr
så måtte det verta ein traktor utan tak
på den minste størrelsen vart det nok med ein traktor framme og bak

måtte jo ha nokre kule knapper..
 traktor utan hus måtte det bli på biletet
 men måtte prøva meg litt med tak og...
strikka i allpakka ull, sandnesgarn og pinner 5,5