fredag 19. februar 2021

Restegarnstrikk

Restegarn blir det alltid nok av...
Av og til kjem det og i tillegg,
 poser med andre sitt restegarn til denne heimen..
Denne gongen har eg teke fat på deler av ein pose restegarn,
som kom til mitt hus, i løpet av fjoråret..
Desse er strikka utan oppskrift
str og mønster vert til undervegs,
avhengig av kor mykje garn eg har.
sokker i sterk og anna sokkegarn
votter i alpakka garn
dette er dugnadsstrikk 
og blir å finne på eit marked,
i kyrkjeringen sin regi, - til påske.
Lag deg ein god dag,
der du er er.

torsdag 11. februar 2021

Osloanorakk med traktor

Ein av bestemorguttane 
har ønska seg ny traktorgenser.
Grøn og svart måtte den vera.
Garn: Alpakka ull, Sandnesgarn
Pinner: 5,5
Dette er lettstrikka plagg,
og med så store pinner,
auker cm fort..
traktormønsteret tilpasser eg størrelsen på genseren.
Her har eg strikka grønt i sidene,
for å unngå altfor mange masker mellom traktorane der.
 Nå blir forhåpentligvis ein liten traktorgutt glad.

tirsdag 9. februar 2021

Manchester United sokker

Då er sokkane og ferdige...
Her har eg brukt Viking sportsragg
og pinner nr 3
For å gjera det enklast for meg sjølv,
så har sokkane fått same mønster,
 både bak og framme.
 Dei er godkjente a manugutten,
så nå er alt bare topp :D 

torsdag 4. februar 2021

Manchester united votter

Eg er ingen fan av fotball-lag,
så slike votter hadde eg ingen planer om å strikke.
Når eg vart spurt om Liverpool sokker,
så vart det til at eg strikka votter og,
selfølgelig.....
Ein av mine, som er ein skikkelig  Manu fan,
vart litt snurt då mora strikka sokker/votter,
til Liverpoolfansen..
Mora prøver å gjera sonen til lags :D,
og strikker Manu votter
(sokker kjem seinare)
då blir det selfølgeleg eit par til samlekassen,
og eit par til sonen :D
Garn: 3 tr strikkegarn, Rauma 100 % ull
pinner nr 3
Mønster: eg har brukt det eg har funne på Pinterest
sonen vart fornøgd... :D

tirsdag 2. februar 2021

Bernie votten

Eg pleier ikkje vera så ivrig på slike farsotter,
men nå MÅTTE eg bare,
 strikke eit par Bernie votter til samlinga mi.
Eg fekk med eit mønster,
men har kun brukt det som utgangspunkt.
Eg har endra masketall og lengde.
Eg har brukt Vamsegarn, Rauma, 
og Fritidsgarn, Sandnesgarn
pinner nr 3,5
vottane vart ganske tjukke,
og vil nok bli veldig varme med litt toving
skulle eg finne på å strikke fleire par,
vil eg nok velgja Peer Gynt el likn,
eit garn som er litt tynnare, enn dette.