fredag 24. januar 2020

Kofte til dame "Vår"

Ei ung dame har lenge ønska seg ei kofte
etter lang tenketid,
 kom ho fram til at ho ville ha denne kofta,
"VÅR" eit vikingdesign
 Garn: Alpaca Fine, Vikinggarn
pinner 2,5 og 3
 det vart mykje arbeid - meir enn eg såg for meg i forkant
Eg strikker alltid fram og tilbake,
og her var deler av mønsteret med tre farger samtidig.
Ting tek tid.... 
- og med ein runde i dag og to i morgon prinsippet,
så kjem eg i mål tilslutt
 det er oppgitt for lite mengde garn i oppskrifta,
det var tomt for kvitt midt i bærestykket,
Av lys blått garn var det akkurat for lite - eg hadde ein omgang igjen.
denne bytta eg ut med to like omganger,  av neste omgang
 - det passa fint inn i mønsteret 
 ei fin kofte
kofta er allerede levert, 
til ein glad mottaker..

tirsdag 14. januar 2020

Selbuvotter til dame

Mitt bidrag i Januar"en uhøytidelig vottealong 2020"
- ei gruppe på Facebook.
Tema var Selbuvotter
Det skulle vera i fargane svart og kvitt,
innside og utside vott, skulle ha ulike mønster
 eg valgte eit mønster eg ikkje har strikka tidlegare,
dermed blei det og eit nytt par til vottesamlinga mi
 Garn: Røros Lamullgarn, Rauma
pinner nr 2
Dette paret er strikka i garn frå granlageret,
måtte det bli slik resten av året og..

søndag 12. januar 2020

Temperaturteppe, Bitburg, Tyskland 2019

Ved nyttårs skiftet 2018-2019
kom det ein invitasjon i postkassen.
Invitasjon til bryllaup,
i Bitburg i Tyskland.
Sidan eg hadde planer om å hive meg på temperaturteppebølgjå,
så fekk eg ein ide om å strikke dette til brudeparet.
Bryllaupet skulle vera i oktober,
så mesteparten av teppet ville då vera ferdig.
Eit bilete og forklaring vart pakka inn i oktober,
og i desse dager går teppet med posten,
til brudeparet i Bitburg.
 Garn Pt 2 frå Rauma
Pinne 4,5
Eg såg nokså fort at teppet ville bli veldigt langt,
mitt pinnevalg var for stort.
Det vart eit lite vask
 med strekking i bredden,
i håp om eit litt vidare og kortare teppe.

 Eit 3 meter langt teppe treng stor plass,
så eg rulla det inn i laken og dynetrekk
samtidig som eg fekk strekka det litt i breidda
eg rulla opp litt etter litt, under tørkeperioden
 I starten syns eg teppet vart lite spennande
grønt, blått og kvitt i ein lang periode,
men så ut på våren,
 kom varme og solrike dager.
- teppet skifta heilt karakter
 eg har valgt farger som minner meg om årstidene
blått er minusgrader
kvitt er rundt null
grønt, gult, rødt, oransje er frå 2 grader og oppover
eit spennande prosjekt,
der ein starter med eit sikk-sakk mønster,
og ein del farger.
Resultatet ser ein først når året er omme,