Frå kjente i Tana, fekk eg tilsendt heftet om Tullflyvervotten.
"Tullflyvervotten fra Unjárga/Nesseby", skreve av Vigdis Siri.
I heftet er det skreve om strikkehistorie i nordsamiske områder,
blant anna om vottebruken.
på spørsmål kvifor votten kallas Tullflyver,
er det ingen som kan svare på.
Fleire huska godt votten med mønsteret,
og mannen som på 1920-30 talet solgte lodd på votten.
Det finns fleire historier om kor votten kom frå.
ei av historiene er frå 2. verdenskrig.
- ei ung jente fekk vottane som takk for maten
ho ga til fanger i ein "russeleir"
Ei anna historie er knytta til besøkande som kom til Varanger med båt.
kanskje var det pomorer
(russisk og kan oversetjast med "folk som bur ved havet)
Ei tredje historieforteller at tullflyver-mønsteret
er knytta til ei slekt,
som på 1700 talet kom frå Tornedalen, Sverige,
til Talvik i Finnmark.
Denne slekta var knytta til gruvevirksomhet i Värmland og Tornedalen.
.
Først og fremst vart tullflyvermønsteret kjent gjennom Elle Piera.
Mannen som på begynnelsen av 1900 talet,
gjekk omkring i bygene og solgte lodd på votter med eit mønster,
som han i følge historia skal ha fått av si mormor.
I heftet er det mykje interessant å lesa,
om handarbeidstradisjoner aust i Finnmark.
Det er morro at det var meg kjenningane i Tana tenkte på,
då dei fann heftet i eit hus som skulle tømast.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar