mandag 30. januar 2017

Votter 2017 med gravemaskin til gutt/mann

Etter at eg hadde laga votter med gravemaskin til småbarn,
fekk eg spørsmål om å lage til ein mann og.
om eg kunne få med Volvo logoen ville det vore fint.
fekk ikkje plass til heile logoen,
kun bokstavane
 sidan dette er ein gravemaskinsfører, 
tenkte eg slitesterke votter 
og valgte Pt 5 sport og pinner 2,5
 denne karen har ikkje så store hender,
så eg målte ut frå mi eiga hand..
 - så viser det seg, at eigentleg så var det tjukkare votter,
som tover ved bruk, 
som ville vera det beste for denne karen
 - brukte same heimelaga mønster, likt masketall,
Peer Gynt og pinner 3,5
 - store og varme
- fargevalg med off white til bunnfarge,
 er eit ynskje med tanke på arbeid/buplass,
i Finnmark blir maskinen brukt like mykje
 når snøen ligg på bakken
morro å prøve seg fram,
bruke kreativiteten til å lage andre mønster

mandag 23. januar 2017

Litt til baby

Ei bestilling tikka inn tidleg i haust,
det var ynskje om litt til baby 0-3 mndr
og eg trong ikkje skunda meg...
- innimellom alle andre prosjekt,
har det blitt nokre småplagg
 - kjønn var ukjent,
men rett før eg var ferdig fekk eg vite det er ein gutt, 
så eg blanda inn bitte litt lyseblått - etter mottagers ynskje
 - har plukka litt her og der i forskjellige mønsterhefter
- har brukt babyull og pinner 2 og 2,5
- mottager 1, bestemor, vart veldig fornøgd,
håper mora til babyen og liker det ho får...