mandag 22. august 2016

Jakke til Silje

Denne gongen har eg og laga ein str større, 
enn den største i mønsteret.
Utvida i både vidde og breidde.
Jakka er strikka i eit stykke,
starta som i mønsteret,
med bakstykket
 - det var ein del telling undervegs,
for å få likt antall riller på armer og bak/framstykke,
fellinger og aukinger
 - på bærestykket var det litt sying for å få til vaffelmønsteret
 - akkurat passe stor til ei lita frøken
- garn: Viking babyull
 - mønster: Viking Design 1114
modell nr 8
- morro å prøve noko nytt,
- det var i grunnen ganske ok å strikke alt i eit stykke.

torsdag 18. august 2016

Bestefarstrøye i 2 grønfarger

Eg fekk i oppdrag å strikke ei slik trøye, 
men den måtte vera litt større enn største str i mønsteret (24 mndr),
ca 3- 3,5 år
 - eg kjøpte inn garn som største str i mønsteret, pluss litt ekstra
Garn: Bayull Lanett, Sandnesgarnsom brukt i mønsteret.
pinner 2 og 2,5 som i oppskrifta.
Det var enkelt å lage genseren større.
.
Eg var nok vel raus når eg kjøpte garn,
hadde nesten halvparten igjen når eg var ferdig.
Det vart nok til trøye i 6/9 mndr
og ei hue i 6/9 mndr.
- i tillegg har eg ein rest igjen,
som sikkert er nok garn til eit par små votter/sokker
Det har nok vore ein liten "kortslutning"
 i hoderekninga den dagen...
huemønsteret fann eg i same heftet
 - den store trøya har allerede reist Norge på langs,
og passer heilt fint til veslegutt.
Resten får sin plass i "ferdigskuffa"
og vil nok ein dag finne veien til ein annan heim.
 - mønsteret fann eg i dette heftet
Nr 1318 Sandnesgarn
Babyull Lanett
- neste gong eg skal handle garn
trur eg må ha med meg 
ein "reknegarnmengdeassistent".... :D

lørdag 13. august 2016

Votter 2016 Kopi av Knut sine votter

Dette mønsteret har eg teikna av,
frå eit par votter som Knut har.
Utanom at det er ei dame frå Tana,
 som i si tid strikka vottane eg har kopiert, 
veit eg lite om mønsteret.
 - eg har valgt tilnærma dei same fargane
Garn Pt 5 sport
morosamt og spanande med "nye" mønster