Eg fekk i oppdrag å strikke ei slik trøye,
men den måtte vera litt større enn største str i mønsteret (24 mndr),
ca 3- 3,5 år
- eg kjøpte inn garn som største str i mønsteret, pluss litt ekstra
Garn: Bayull Lanett, Sandnesgarnsom brukt i mønsteret.
pinner 2 og 2,5 som i oppskrifta.
Det var enkelt å lage genseren større.
.
Eg var nok vel raus når eg kjøpte garn,
hadde nesten halvparten igjen når eg var ferdig.
Det vart nok til trøye i 6/9 mndr
og ei hue i 6/9 mndr.
- i tillegg har eg ein rest igjen,
som sikkert er nok garn til eit par små votter/sokker
Det har nok vore ein liten "kortslutning"
i hoderekninga den dagen...
huemønsteret fann eg i same heftet
- den store trøya har allerede reist Norge på langs,
og passer heilt fint til veslegutt.
Resten får sin plass i "ferdigskuffa"
og vil nok ein dag finne veien til ein annan heim.
- mønsteret fann eg i dette heftet
Nr 1318 Sandnesgarn
Babyull Lanett
- neste gong eg skal handle garn
trur eg må ha med meg
ein "reknegarnmengdeassistent".... :D
Veldig fin bestefar-trøye! Det ble også fine plagg av restegarnet. Imponerende med den pinne-størrelsen, men det er det som skal til for å få delikate plagg til de små.
SvarSlettØnsker deg ei fin, ny uke!
Klem