lørdag 6. mars 2021

Jærbu votter

Dette er eit design av Lene Olszeth.
Lene skriv:
Eit kjærleiksbrev til Jæren.
Eg bur ikkje lengre på Jæren,
men eg ber landskapet med meg.
Stor åpen himmel,
lange kyststrekningar
og steingard så langt auga ser.
Om våren lyttar eg etter vipa,
og sakner hans karakteristiske rop.
Dette mønsteret kom eg tilfeldigvis over,
medan eg leita etter andre ting på internett.
Votter med Vipe på,
det passer fint til tida vi er inne i no.
Garn: Ask, Hillesvåg ullvarefabrikk
pinner: 2,5
Votten er litt stor på handa,
og tommelen litt liten/kort.
Sidan eg er Jærbu,
er det morro å få desse vottane 
med i samlinga mi.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar