onsdag 2. januar 2019

Mitt store votteprosjekt pr 1.1.2019

For nokre år tilbake
fekk eg ein ide om å strikke votter av restegarnet,
forskjellige votter skulle det bli.
Eg samla dei vottemønster eg hadde,
eg fekk andre av venner og kjente,
til og med husflidslag har hjelpt meg med mønster.
 eg oppdaga snart at dette vart ikkje noko restegarnsprosjekt,
men ei reise i vottermønster,
nye og gamle,
ja, frå andre land og.
Venner i andre land har høyrt om prosjektet,
og har sendt meg mønster.
 historie og ny lærdom 
har eg fått med på kjøpet.
 Eg har mang eit vottemønster på vent,
men er fortsatt like interessert i gamle (og nye) mønster.
Votteprosjektet er langt frå ferdig,
første mål er nå 100 ulike vottepar i samlinga.
 garn og anna info vert notert, 
votter fotografert
og alt er samla i permer.
her viser eg eit par frå kvart mønster,
- fleire mønster er brukt mange gonger,
så ein kan nok doble mengden (eller nokså sikkert meir enn det)
av strikka votter i denne perioden.
Nye spennande mønster ligg klar,
eg må bare ut å få heim litt garn først...
Ha eit godt nytt strikkeår!

2 kommentarer:

  1. Dette er rett og slett imponerende! Mange fine vottepar! Ser for meg ei vandreutstilling etterhvert. Det har sikkert dukket opp noen favoritter underveis som er strikka menge ganger. Kulturhistorie er det også. Du kan være kjempestolt over alt du har samla og strikka! Lykke til videre!

    Klem

    SvarSlett
  2. Hei kjære Ruth, jeg trodde jeg allerede hadde skrevet med deg her.
    Det er en glede å se de mange votter og vakre mønstre og farger.
    Jeg elsker mønster-strikke. Så fantastisk du har strikket de mange
    forskjellige votter. Jeg er imponert. Takk skal du ha. Jeg gleder meg
    til dine neste prosjekter. Ha et riktig god strikkeår.
    Hilsen fra Viola

    SvarSlett