Herresokker i str 46 var bestillinga.
Farger og mønster kunne eg finne utav..
Eg starta med 3 par i ulike farger,
for eg visste ikkje heilt kva mottaker ville like best.
eg starta med garn eg hadde heime,
og gjorde ferdig desse sokkepara først.
mannen valgte seg blått, kvitt og rødt,
då måtte det meir garn til,
for å få dei store nok.
Som vanleg var eg raus med innkjøp av garn,
og hadde nok til to par...
eg prøvde meg litt, med to og tre farger
eg fann mønsterstripe på pinterest,
og tilpassa denne til mitt behov
Det er morro å strikke nye mønster,
og leike seg med farger
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar