søndag 13. august 2017

4 x grytekluter

Bestillinga sa grytekluter, 
men ingenting om farge eller mønster...
Eg strikka litt forskjellig, 
slik at mottaker kunne velgja sjølv, 
kva som passa best.
.
Gammeldagse grytekluter heiter dette mønsteret,
som eg nå fann igjen på internet.
For nokre år tilbake, 
strikka eg hundrevis av slike grytekluter...
eit mønster eg den gongen lærte av ei gamal tante.
Det var morro å henta det fram att.
eg strikker med mørk blå som bunnfarge halvvegs, 
og byter på fargane
Det er greitt å ha eit tydeleg merke på kor ein skal brette,
og når ein skal hekle rundt.
Det å byte på fargane,
 var noko eg fann ut var bra, 
for å utnytte tråden best,
den gongen eg laga så mange par.
 Etter litt leiting på nettet,
fann eg oppskrift til desse.
Eg følgde mønsteret - trudde eg,
- oppdaga ikkje før eg var i gang med nr to,
at eg hadde lagt opp litt mange masker...
kan av og til vera vanskeleg å leggja til to masker på antalet, 
og deretter dela på to...
har med to ekstra, 
og strikker desse vrange.
fint å ha når ein skal hekle etterpå.
- desse gryteklytane vart ganske store,
men med litt mindre pinner og rett maskeantall,
så vert dei nok bedre i størrelsen..
 Oppskrifta til desse fann eg og på nettet.
som dei over stod det pinne 3,5 i oppskrifta,
men skal eg lage fleire, vert det på pinne 3.
 desse vart og litt store
 oppskrifta til desse fekk eg frå ei venninne,
dvs ho sa korleis ho bruker å gjera,
- og eg kopierte det...
strikker først to remser
 syr saman den kort sida 
deretter langssida
på vranga
 snur retta ut og bretter saman slik
syr saman
 og hekler rundt..
 Eg har brukt bomull sport til alle 4
pinne 3 eller 3,5
eit lite vask og så er dei klar til bruk
nå er det bare opp til mottaker....

1 kommentar:

  1. Spennende grytekluter du har strikkt. Veldig interessant var den
    siste. Det hyggelig vaffelmønster av den første, jeg liker også.
    Og selvfølgelig fargestrikke er fint :-)))
    God helg deg kjære Ruth. Hilsener fra Viola

    SvarSlett