onsdag 18. desember 2013

Inspirasjon frå Finnmark 2

Etter den strikkeglade dama i Finnmark,
har eg fått bilete av ting som låg att etter henne.
- sokkar og votter som har vore mykje brukt...
Eg har teikna av mønsteret og strikka eit nytt par av kvart mønster.
Alt er strikka i Pt 5 sport på pinner nr 3
.
Først eit par barnesokkar,
med eit mønster som var lett å kopiere
- eg har kjøpt bunnfarger og funne mønsterfarger i restekorga....
 - nok eit par barnesokkar med eit mønster som er lett å kopiera
 - desse vottane er godt brukte og vaska mange gonger...
- somme stader var det litt vanskeleg å telja masker,
spesielt når eg berre hadde eit bilete å gå ut i frå...
 - dette mønsteret brukte eg i eit par herresokkar
- tilslutt eit par velbrukte vottar..
- her brukte eg litt tid på å finna rett maskeantall
og mønsteret rundt hjertene.
- det gjekk lettare når eg fekk alt ned på papiret,
 og arbeida meg ut frå midten

- noko som vart til eit nytt vottepar....

 - det kjem snart ein tredje og siste del med inspirasjon frå Finnmark,
 eg må berre læra meg ein ny strikketeknikk først......

1 kommentar: