torsdag 20. mai 2021

Selbuvotter

Eg fekk eit par votter i gave,
frå ei dame litt nordpå.
Ho fortalte at denne varianten av Selbuvott,
lærte ho av mora si, som igjen lærte av si mor..
Om det finns noko oppskrift på denne varianten,
er uvisst.
Dama frå nord haurde om mitt votteprosjekt,
og ville strikke eit par votter til meg.
Eg har strikka av desse vottane,
og laga meg eit diagram, til eige bruk.
Garn: Eco Highland wool, Vikinggarn
Pinner: nr 3
Det går mot sommar,
men vottestrikking, 
eller anna stikking tek ikkje ferie.
Eg må ha noko i hendene
uansett årstid.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar