torsdag 30. august 2018

Jakt - pilke - foto votter

- eller til bruk for personal i barnehage/SFO
Bestillinga var på votter som ein slapp å ta,
når ein skulle knytte skolisser 
eller hjelpa barna i SFO med andre ting.
 Votter har eg strikka mangfoldige par av,
ja, puslvarmere og,
men dette var nytt for meg.
Eg la hovudet i bløyt,
og fann ut korleis eg tenkte det skulle bli.
Eg brukte eit par votter som mal,
og prøvde meg fram.
 dette første paret ser forsåvidt ok ut,
men overlappinga er noko kort.
Delene glir litt frå kvarandre,
men er likvevel fullt brukande.
 eg endra litt på maskeantall og lengde på vott og topp
og eg vart mykje meir fornøgd med resultatet.
 eg strikka først votten,
og deretter hekla eg opp masker på utsida, til toppen
på innsida av vottane la eg opp nye masker.
 når eg først var i gang,
så vart det fleire par...
samtidig kunne eg rette på det mønsteret
 eg laga meg undervegs.
 bestillinga var med heil tommel,
men når eg først skulle prøva dette og laga mi eiga oppskrift,
så vart det og tommel med opning.
(noko som var populært hos mottaker)
 for at eg ikkje skulle leggje restegarn tilbake
 i Pt 5 sport korga,
så strikka eg eit par barnehagevotter...
Garn Pt5 sport
pinner 2,5

2 kommentarer:

  1. Den utfordringa tok du på strak arm! Dette er sikkert alle tiders til "arbeidsbruk". Godt jobba!

    Riktig god helg fra Ingunn

    SvarSlett
  2. Var i grunnen ikkje så vanskelig, når eg bare fekk tenkt ut ei løysing :D

    SvarSlett