søndag 14. juli 2019

Vognteppe x 2

Eg fekk spørsmål om å strikke vognteppe,
lysblått og kvitt skulle det vera.
Valget falt på Putty vognteppe - Sandnesgarn.
 I følge mønsteret skal ein strikke rundt,
klippe opp og strikke rillekanter etterpå.
I mitt hovud vil det bli meirarbeid.
Sidan eg aldri bruker maskin på noko som helst strikk,
så strikka eg fram og tilbake - og rillekantane samtidig
Det lysblå teppet er strikka i Merino babyull frå Gjestal
Det blå i Babyull lanett, Sandnesgarn 
Pinne 3
Eit strikk som er lett å strikke på,
når ein er i lag med andre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar