fredag 25. desember 2020

Volvovotter

Votter med volvomerket på,
har eg lenge tenkt eg skulle strikke.
Har såvidt prøvd å lage diagram,
men har stadig lagt det vekk,
fordi andre ting skulle bli ferdig først.
Ein dag dukka slike opp,
på ei strikke side,
då var eg ikkje sein om å få mønsteret i hus.
Dette er eit design frå Brit Adolfsen, Strikke Brit.
på framsida er det mange ting som skjer,
og eg må  heile tida ha merke på kor eg er
innside vott har eit gjentakande mønster,
som ein etter kvart lærer seg utanat.
Her har eg brukt 3 tr. strikkegarn, Rauma
pinner nr 2,5.
Vottane vart ganske store,
så kanskje eit litt tynnare garn vil passe bedre.
Volvovotter måtte det bare bli,
når ein har ein mann med volvo som hobby,
aller helst skal det vera veteranbiler.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar