fredag 24. januar 2020

Kofte til dame "Vår"

Ei ung dame har lenge ønska seg ei kofte
etter lang tenketid,
 kom ho fram til at ho ville ha denne kofta,
"VÅR" eit vikingdesign
 Garn: Alpaca Fine, Vikinggarn
pinner 2,5 og 3
 det vart mykje arbeid - meir enn eg såg for meg i forkant
Eg strikker alltid fram og tilbake,
og her var deler av mønsteret med tre farger samtidig.
Ting tek tid.... 
- og med ein runde i dag og to i morgon prinsippet,
så kjem eg i mål tilslutt
 det er oppgitt for lite mengde garn i oppskrifta,
det var tomt for kvitt midt i bærestykket,
Av lys blått garn var det akkurat for lite - eg hadde ein omgang igjen.
denne bytta eg ut med to like omganger,  av neste omgang
 - det passa fint inn i mønsteret 
 ei fin kofte
kofta er allerede levert, 
til ein glad mottaker..

tirsdag 14. januar 2020

Selbuvotter til dame

Mitt bidrag i Januar"en uhøytidelig vottealong 2020"
- ei gruppe på Facebook.
Tema var Selbuvotter
Det skulle vera i fargane svart og kvitt,
innside og utside vott, skulle ha ulike mønster
 eg valgte eit mønster eg ikkje har strikka tidlegare,
dermed blei det og eit nytt par til vottesamlinga mi
 Garn: Røros Lamullgarn, Rauma
pinner nr 2
Dette paret er strikka i garn frå granlageret,
måtte det bli slik resten av året og..

søndag 12. januar 2020

Temperaturteppe, Bitburg, Tyskland 2019

Ved nyttårs skiftet 2018-2019
kom det ein invitasjon i postkassen.
Invitasjon til bryllaup,
i Bitburg i Tyskland.
Sidan eg hadde planer om å hive meg på temperaturteppebølgjå,
så fekk eg ein ide om å strikke dette til brudeparet.
Bryllaupet skulle vera i oktober,
så mesteparten av teppet ville då vera ferdig.
Eit bilete og forklaring vart pakka inn i oktober,
og i desse dager går teppet med posten,
til brudeparet i Bitburg.
 Garn Pt 2 frå Rauma
Pinne 4,5
Eg såg nokså fort at teppet ville bli veldigt langt,
mitt pinnevalg var for stort.
Det vart eit lite vask
 med strekking i bredden,
i håp om eit litt vidare og kortare teppe.

 Eit 3 meter langt teppe treng stor plass,
så eg rulla det inn i laken og dynetrekk
samtidig som eg fekk strekka det litt i breidda
eg rulla opp litt etter litt, under tørkeperioden
 I starten syns eg teppet vart lite spennande
grønt, blått og kvitt i ein lang periode,
men så ut på våren,
 kom varme og solrike dager.
- teppet skifta heilt karakter
 eg har valgt farger som minner meg om årstidene
blått er minusgrader
kvitt er rundt null
grønt, gult, rødt, oransje er frå 2 grader og oppover
eit spennande prosjekt,
der ein starter med eit sikk-sakk mønster,
og ein del farger.
Resultatet ser ein først når året er omme,

mandag 30. desember 2019

Osloanorakk med dinosaur

Bestemorgutten ringde ein dag,
ivrig sa han:
"Du bestemor, kan du strikke genser med knapper til meg"
bestemor: "meiner du jakke?"
bestemorgutten: "genser."
Bestemor fekk snart ein ide i hovedet --- osloanorakk.
Bestemor lurer på kva farger det skal vera på genseren,
Blå skal den vera.
bestemor lurer på om det skal vera mønster på.
"dinosaur, og så med det vera litt kvitt der til tenner, og så litt rødt til tunge"
 bestemor lurer på om han kan ha hette på genseren.
Hette det kan han ha.
Bestemor finn fram ruteark og blyant,
og snart er dinosaurane klar.
Garn; Alpakkaull frå Sandnesgarn

eg strikka rundt på bolen.
bortsett frå dei omgangane der det er mønster

dette var det siste av mine hemmelige førjulsprosjekt.
I pinnane er det allerde nye prosjekt...
.
Eg vil ynskja alle mine følgere
et godt nytt handarbeidsår.

fredag 27. desember 2019

3 x Kaptein Sabeltann

For mange er Kaptein Sabeltann
den store helten..
For største bestemorgutten er det ein av fleire helter.
Eg strikka fleire av desse 
når mine gutar var små,
og mønsteret har vore lagra i arkivet i alle desse år.
I dag er ikkje mønsteret i salg.
 Garn: Dale Cotinga Merino ull
pluss gult og kvitt i Big sterk 
 Eg la opp til 6 år på angitt pinnestørrelse,
det virka altfor smått..
eg gjekk opp i pinnestørrelse,
og strikka ferdig str 6 heilt etter mønsteret.
Når eg då måler alle mål etterpå,
så er denne genseren akkurat passe etter mål til str 4.
  str 8 vart då passe stort til 5 åringen
eg hadde ganske mykje garn igjen,
og strikka nok ein genser,
 etter mønster til 4 år
Denne vil om litt, 
passe til den minste bestemorgutten
Det er mange detaljer som skal på plass.
Eg har strikka inn alle masker,
i staden for å bruke maskesting.
Det er morro å gjera slike ting og,
men ein ting er sikkert,
det blir ikkje fleire av dette slaget...
- i denne omgang.

onsdag 25. desember 2019

Osloanorakk med traktor, til mann

Det starta med to osloanorakker til bestemorguttane.
"Sånn har eg og lyst på", sa ein mann..
Eg lo det litt bort der og då,
men har seinare i all hemmelighet
strikka ein genser til mannen.
Eg har brukt barnegenserene som utgangspunkt,
samt ei oppskrift til genser i rett størrelse.
Garn: Viking sportsragg
 genseren har nå vore lagra ei tid,
og spenninga var stor når julekvelden nærma seg
 passer genseren, blir den godt mottat?
 genseren passa akkurat,
og biletet under taler vel for seg sjølv

Endeleg kan eg få vise fram 
nokre "hemmelige" førjuls-strikkeprosjekt

tirsdag 17. desember 2019

Ein kaninvenn treng og klær

Ein av bestemorguttane ringde til bestemor:
"du bestemor, kan du strikka klær til kaninvennen min?"
 "kaninvennen frys her
 og her"


Det kunne jo bestemor.
"men først må eg få ta mål av kaninvennen din" seier bestemor.
Neste gong bestemorgutten kom på besøk,
var det viktig å få måle kaninvennen

Bestemor syns det var litt vanskelig strikke etter mål,
kaninvenn har ein litt spesiell fasong.
I all hemmelighet har bestemor kjøpt ein ny kaninvenn,
som var god å ha når kleda skulle tilpassast.


 Bestemor fann fram rester av Pt 5 sport,
pinner nr 3
 kleda vart til undervegs
her måtte det aukast og fellast både her og der.
Hua måtte få opninger til øyrene
 K for kaninvenn
metallknapper frå eit lite knappelager,
passer godt til jakken
Kaninvennen i nye klede
 Bestemorgutten kjem sørover i kveld,
kaninvennkleda ligg klar.
Nå treng ikkje kaninvennen fryse,
verken i blesten på Jæren,
eller i kuldegradene nordpå.