lørdag 16. mars 2019

Mønster etter Anna Biggi, Tana

Eg er stadig på jakt etter nye vottemønster,
og i den forbindelse så fekk eg tips 
av ei dame frå Tana,
om dette mønsteret
etter Anna (Olsen) Biggi, 
som budde i øvre Bonakas, Tana.
Vottane er ofte strikka med kvit bunnfarge.
 Dama som viste meg bilete av votter og hue med mønsteret,
snakka om at ho kunne tenkt seg klar blå bunnfarge,
så då måtte eg prøve det og
 når eg først var i gang,
så vart det huer i kvitt og blått og
 og sånn underveis,
så svirra ideane rundt i hovudet,
om mønsteret brukt på andre ting.
- mønsteret passa akkurat på eit par sokker
Eg har prøvd meg fram,
notert ned maskeantal osv
 og ville nok endra litt på fasong/størrelse
om eg skulle strikke meir av dette.
Garn Pt 5 sport - pinner 2,5 og 3

lørdag 9. mars 2019

Damevotter

Damevotter fra 
.
Før eg reiste på ferie,
la eg fram garn, pinner og mønster,
utan å lese gjennom oppskrifta først....
jaja, garnet var litt for tynnt,
så det vart barnevotter i plassen....
men det har eigentleg ikkje noko betydning,
denne gongen.
eg hadde med Frøya viking garn,
men vil nok heller satse på
 Peer Gynt el likn ei anna gong
- nok eit par votter er lagra i samlinga mi

søndag 24. februar 2019

Amorinvotter

Bestillinga var svarte og kvite votter,
men i farten tok eg feil av mørke blått og svart,
og med eitt hadde to par Amorinvotter ferdig
 Mønsteret har eg funne hos "Ingunns småstrikk"
 Garn: Frøya Vikinggarn
pinner 2,5
 dette er eit mønster ein må konsentrere seg om,
altså eit heimaspød - eg strikker kun heime 
 innimellom er det gildt å ha noko 
som er litt vanskelegare/krev litt tankegang
 mønsteret er eigentleg ikkje vanskeleg,
her er bare mykje teljing
- nå kan bursdagen bare kome, 
og dei svarte og kvite får snart ny eigar..

lørdag 9. februar 2019

Votter med 3 sommerfugler

Ein interesseorganisasjon for en huddiagnose
bruker sommerfuglen som sitt kjennemerke.
skjør hud - skjør sommerfugl.
Det er nok derfor 
eg stadig ser etter mønster med sommefugler i.
Dette diagrammet fann eg på Pinterest
 diagrammet sa ingentng om tommel,
- inspirert av vottane frå Estland,
strikka eg mønster på tommel,
som på innside vott.
 farger og garntype er valgt ut frå garn eg hadde på lager
Pt 5 sport og Dale Daletta
pinner nr 3
eit av para går til samlinga mi,
Dei 3 andre skal bli med på ei reise til utlandet,
og få nye heimar,
blant venner i organisasjonfamilien

torsdag 24. januar 2019

Trekkspillvotter

Eg har ei tid sysla med tanken
om å lage votter med trekkspill på,
ein trekspiller bør jo ha trekkspillvotter.....
For litt sidan kom ein kjenning med ei hefte med oppskrifter,
eit bilag i familien frå 2013
og der, der var det jo mønster på trekkspillvotter,
og eg var ikkje sein om å få dei i pinnane.
 eg lurte litt undervegs,
for det såg ikkje rett ut,
men eg følgte mønster og diagram
Eg fann ikkje ut kva som var feil,
før vottane var ferdige.
 ein som er kjent med trekkspill
vil nok sjå at dette er trekkspill for den keivhendte...
 i same oppskrifta var det og oppskrift på sokker,
i det diagrammet er trekkspillet rett innteikna..
Garn: Pt 5 sport
pinner: 2,5 og 3
 blir det fleire par,
så skal eg strikke etter det rette (sokke)diagrammet.
Akkurat nå er eg ikkje klar for nye trekkspillvotter,
eg er allerede i gang med andre prosjekt,
men plutseleg ein dag,
så er det igjen trekkspillvotter på pinnane.

mandag 21. januar 2019

Votter Tartu-Maarja, Estland

I 1912 donerte ein person frå Vanalaisa gard,
Marama kommune, Tarja-Maarja menighet,
eit stykke med mønstrede votter,
som var funne blant antikviteter.
den gamle votten varstrikka i
grått og lilla,
men eg valgte begunderrødt, 
for å få litt konstrast i mønsteret.

 som på fleire av vottemønstrene frå Estland,
er tommelen strikka i same mønster som votten.
 garn: lamullgarn, Rauma
pinner: 2,5
vottane er litt store,
vil nok tovast litt i bruk,
men vil passe best til ein mann.

lørdag 12. januar 2019

Votter Otepää, Estland

I lag med juleposten
 fekk eg ei gild overrasking.
Nokre kjenninger i Estland,
hadde sendt meg ei tjukk vottebok.
(på estisk og engelsk)
Det var ei samling av gamle mønster frå Estland..
Det er så mange spanande mønster i boka.
 Eg har valgt meg ut eit par mønster,
sånn i første omgang. 
Det beste av alt,
det er skreve historikk med kvar vott.
 Denne votten er frå Nuustaku 
- og andre plasser i Estland.
I 1962 vart det levert inn
(til kulturhistoriske samlinger?)
eit stykke av ein gamal vott,
antakelig strikka rundt 1956-57.
Seinare har det blitt laga mønster,
etter den gamle velbrukte votten,
 mønsteret på denne votten,
er ikkje av det slaget som ein lærer på 1,2,3
Eg måtte fylgje med på kvar omgang.
.
- tommelen strikkes med same mønster som votten,
Det er spennande å læra nye ting,
og lese om tradisjoner i andre land.