søndag 17. januar 2016

litt til baby

Når eg er ute og reiser,
tykkjer eg det er greitt å ha med eit enkelt handarbeid.
- før eg drog var eg ei tur i "skapet med det rare i"
Der fann eg 5 nøster lys lilla og 3 grå med baby ull.
med på turen var og rundpinne samt 5 pinner i str 2,5.
 - eg har forminska eit mønster i siljagarn,
desse buksene er i str 3-6mndr
Det vart to lys lilla bukser og ei grå
 - det var ein del grått garn igjen,
det vart til sokker og votter i liten baby str
 - rester av grått og lys lilla vart til eit nr større votter og sokker
-det viser ikkje så godt her,
men fargenyansane var så like,
 at det var vanskeleg å strikke mønster.
Prøvde meg med stiper og lus på sokkane, 
men ga opp fordi eg såg ikkje om lusa kom på rett plass.
- etter dette er det bare lite grann restegarn igjen,
av begge fargane,
men det vert nok ein gong 
striper i eit anna babyull prosjekt.

tirsdag 22. desember 2015

Votter 2015 striper av restegarn

Då vart eit votterpar av restegarn med Heilo Garn
- man tager hva man haver 
- og så blir stripene til alt etter mengde på restane
 pinner 2,5
GOD JUL og GODT NYTT ÅR
til alle som følger meg her i denne bloggen

mandag 21. desember 2015

Votter 2015 Østerdalvott

Nok ei gong har eg funne mønsteret i heftet frå Thuve-Stua
Østerdalvotten var lett/morosam og strikke,
- runde etter runde,
eg klarte liksom ikkje stoppe...
 Garn Pt 5 sport
pinner 2,5
 - kanskje eg når eit vottepar til,
før eg tek juleferie 
og ein liten pause frå vottestrikking..

onsdag 16. desember 2015

Votter 2015 Jorids Julehjerte

Dette mønsteret er en gave
fra Jorids mønsterbutikk
Jorid har designet mange fine mønster,
og dette ligg som gratismønster på sida henna.
 - eg ikkje brukt direkte julefarger,
men ein rosa variant, kvitt og lilla.
Det var desse fargane eg lika best i utvalget av 
Silja garn
eg har brukt pinne 2,5 på heile votten 
Eg håper på endå eit par votter før året er omme,
så det er bare å hiva seg rundt,
 å finne fram pinner, garn og eit nytt mønater 

søndag 13. desember 2015

Votter 2015 Jærvott

Ei strikkeglad dame fortalde meg at det fanns noko som heiter Jærvott.
Noko som var nytt meg.
Denne dama delte med seg eit mønster
 ho hadde fått for ei tid tilbake.
 - det mangla nokre detaljer på mønsteret, 
så der har eg rekna meg fram eller gjort ting etter mitt hovud.
Eg har brukt Baby ull og pinner nr 2
- eg har spurt litt rundt, både gamle og unge Jærbuar,
men ingen kan minnast å ha sett dette mønsteret, 
eller at det skal finnast ein Jærvott.
Om det finns opplynsingar om votten der ute,
er eg glad for å få den informasjonen som finns.

torsdag 12. november 2015

Jakke med krave

Jakken str 4 år
er strikka i Smart, Sandnes Garn
pinner 3,5
 -  mønsteret består av fletter, rette og vrange masker 
eit lett mønster å strikke, etter mi meining
- jakken ser ganske smal ut,
mønsteret trekker seg saman, men har god strekk i seg
 - mønsteret fann eg i dette heftet frå Sandnes Garn

tirsdag 10. november 2015

Votter 2015 Anne-Stine

Denne gongen har eg valgt ein liten utfordring.
Vel, når eg berre fann eit system for alle trådane,
så gjekk det bedre.
Fargane som er fargeforslaget i boka,
passer akkurat til årstida vi er inne i..
 Garn: Dale Heilo
pinner 2,5 og 3
 - mønsteret fann eg i 
Votteboken fra Thuve-Stua
-boka inneheld fleire interessante mønster,
nokre vil eg nok strikke etter kvart.
Akkurat no vert dei lagt i vottemønsterkøen..
Køen er lenger enn at eg klarer å få strikka alle mønstrene i 2015,
så eg må nok utvide prosjektet til 2016 og.
Kjenner du til lokale vottevarianter,
er eg interessert i fleire oppskrifter/mønster.
Fint om eg og får eit tips om kor ein kan få kjøpt mønsteret.