søndag 13. desember 2015

Votter 2015 Jærvott

Ei strikkeglad dame fortalde meg at det fanns noko som heiter Jærvott.
Noko som var nytt meg.
Denne dama delte med seg eit mønster
 ho hadde fått for ei tid tilbake.
 - det mangla nokre detaljer på mønsteret, 
så der har eg rekna meg fram eller gjort ting etter mitt hovud.
Eg har brukt Baby ull og pinner nr 2
- eg har spurt litt rundt, både gamle og unge Jærbuar,
men ingen kan minnast å ha sett dette mønsteret, 
eller at det skal finnast ein Jærvott.
Om det finns opplynsingar om votten der ute,
er eg glad for å få den informasjonen som finns.

2 kommentarer:

  1. Det er heilt korrekt at det finnes ein Jærvott. Om du søker deg inn på nasjonalbiblioteket og der søker etter Annichen Sibbern Bøhn får du opp ei bok som heiter Norske strikkemønstre, inni den finn du mønsteret til jærvotten. Håper dette kan hjelpe.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for opplysningar. Eg har etter dette innlegget, funne dette mønsteret nedteikna som vott frå Jæren, i ei gamal strikkebok fra ca 1950

      Slett