mandag 10. oktober 2022

Pulsvarmere i restegarn

10 par pulsvarmere 
fritt valg av farger og mønster
utan tommel,
ull er fint
gjerne restegarn.
slik var bestillinga eg fekk
eg fann fram rester av
 Tynn merino, Sandnesgarn
og
Alpaca fine, Vikinggarn
og pinner nr 3
som med alle mine restegarnsprosjekt
blir fargesamasetning og mønster til undervegs.
lengden blir og litt etter kor mykje garn eg har
10 par pulsvarmere
ingen par er like,
verken i farger eller mønster.
 

lørdag 8. oktober 2022

Holly jolly hat

Eg var på jakt etter eit enkelt arbeid
til å ha med ute blant folk.
Eg kom over denne oppskrifta på nettet, Drops design,
med akkurat nok mønster for eit "utespøt"
det som skulle bli ei hue,
vart med eitt 6, i to størrelser.
eg har brukt Viking sportsragg, frå garnlageret
For å få to størrelser,
 strikka eg med same maskeantal
på pinne 3,5 til herre
og pinne 3 til dame.
 

mandag 12. september 2022

Broom-genser til barn, restegarn

Her om dagen måtte eg finna meg noko "utestrikk"
og havna i restegarnet...
Broom genser er ein fin måte å bruke restegarn på,
ein får bruke ganske så mange smårester.
Eg starta med Silja.
La opp etter str 8 år, pinne 2,5 og 3,
og tenkte eg kanskje kunne ende på str ca 4 år.
Eg såg fort at genseren vart mykje mindre enn det.
Tilsutt har det blitt ein genser i str 1-2 år.
Eg fekk brukt mange smårester,
sjølv på ein liten genser.
Eg starta på genser nr 2 samtidig,
slik at eg kunne bytte arbeid,
om eg gjorde ein feil, 
når eg var ute blant folk :D.
Genser nr 2 er strikka i Pt 5 sport
pinner 3 og 3,5
Her strikka eg og etter str 8 år,
størrelse på genser nr 2,  vart 6-7 år
for å få nok garn til like striper på armer og bol,
så starter eg på alt samtidig,
og strikker mønsterstripene, på armer og bol,
før eg starter på neste stripe.
 Fargane blir valgt etter kvart som eg strikker.
Det hender eg starter på ei bord,
men ser at fargane
ikkje blir som eg tenkte.
Eg rekker opp den siste borda,
og finn fram nye farger og starter på ny.
Når ein bruker restegarn, 
vil det jo uansett vera fargesamansetninger,
ein ikkje ville valgt ellers.

lørdag 3. september 2022

Frivilligvotten, Den Norske Turistforening, Sør

I oppskrifta kan ein lesa:
2022 er Frivillighetens år
De frivillige er hjertet i organisasjonen,
og det ser vi i hjertet på votten.
Hyttene er et sted å samles, og takket være våre frivillige 
har vi mange hytter til hygge og ly.
Øverst ser vi en rad med stjerner 
- siden de frivillige er stjernene i organisasjonen vår.
Så er det en haug med T-er.
T-er viser vei,
løypemerkerne maler dem,
turledere og tilsyn følger dem,
og de binder sammen hyttenettverket.
Takk!
Oppskriften er laget og prøvestrikket 
av frivillige i DNT Sør
eg er ikkje lenger medlem av DNT,
men fekk lyst å strikke vottane likevel.
Diagrammet ser ganske enkelt ut,
men med mange lange sprang,
og mange T-er over alt
må eg bare innrømma
 at det vart nokre feil og opprekninger.
Eg kom i mål tilslutt.
Dei feila eg ikkje har retta, er det ingen som ser.
Varmer gjer dei likevel.
Garn: Ask, Norsk ullgarn, Hillesvåg ullvare fabrikk
pinner 2.5.

søndag 28. august 2022

Aurskog-Høland votter: Kreps med hjerte

Dei 3 husflidslaga i Aurskog-Høland
gjekk i 2015-2016 saman om å utarbeide ein egen vott.
Mange fine bidrag kom inn,
og juryen hadde ei stor oppgave 
med å velgja ut vinneren
Inger B Lund Egners "Kreps med hjerte" vann.
Eg var nok litt ivrig med vott nr to,
og klarte å hoppe over stripa med hjerter...
Stripene i vrangborda symboliserer Kompveien
Kreps er frå kommunevåpenet
Håndflata: fiskevatn, tjern og elver
Tommel: symbol på skoger 
Garn: Ask, norsk ullgarn, Hillesvåg ullvarefabrikk
pinner; 2.5
Morro å strikke mønster som ikkje vert brukt så ofte

fredag 26. august 2022

Mercedes Benz votter

Her har eg brukt eit design av
Brit Adolfsen/Strikke Brit
Garn: Ask, Norsk ullgarn, Hillesvåg ullvarefabrikk
pinner, 2,5 
Det ein del teljing, og ein del lange sprang mellom fargane,
elles er mønsteret greitt å lesa/følgja.

torsdag 18. august 2022

Voss genser

For lenge sidan starta eg på denne genseren.
Eg hadde ein ide om å bruke opp lageret av baby ull..
men som det ofte er med oss strikkere,
så kom eit anna og meir spennande prosjekt i hus,
og genseren som ikkje hadde noko mottaker den gongen,
vart lagd bort..
Her om dagen var eg ferdig med alle "viktige" prosjekt,
og eg kunne ta fram den halvferdige genseren,
som eg har gått forbi så mange gonger,den siste tida.
Halve bolen og begge armer var ferdigstrikka,
så det tok meg jo ikkje så lange tida, å få han ferdig :D 
Eg har brukt baby ull og pinner 2 og 2,5.