torsdag 18. august 2022

Voss genser

For lenge sidan starta eg på denne genseren.
Eg hadde ein ide om å bruke opp lageret av baby ull..
men som det ofte er med oss strikkere,
så kom eit anna og meir spennande prosjekt i hus,
og genseren som ikkje hadde noko mottaker den gongen,
vart lagd bort..
Her om dagen var eg ferdig med alle "viktige" prosjekt,
og eg kunne ta fram den halvferdige genseren,
som eg har gått forbi så mange gonger,den siste tida.
Halve bolen og begge armer var ferdigstrikka,
så det tok meg jo ikkje så lange tida, å få han ferdig :D 
Eg har brukt baby ull og pinner 2 og 2,5.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar