mandag 15. august 2022

Jolnir votter

Jolnir votter er eit design 
av Emmy Peterson.
Når ho var ferdig med vottane,
minna dei henne om juletider,
derav navnet Jolnir.
Eg har lenge sett på desse vottane,
på Pinterest,
og har mange gonger tenkt eg skulle prøve å få strikke dei .
Plutseleg fann eg ut kor kunne få kjøpe oppskrifta,
ein kan finne mykje fint på Ravelry 
Eg fann fram noko babyull frå garnlageret
og brukte pinner 2,5.
Vottane passa akkurat til mi hand.
Skal eg strikke fleire,
vil eg nok velge eit garn
som er ein tanke tjukkare, ullgarn?
Det går mot slutten av mitt votteprosjekt,
men eg har nokre mønster til eg vil strikke,
før eg tek ein siste oppteljing.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar