onsdag 10. august 2022

"Mole"-genser x 3

Tre stk genser til barn
3 ulike størrelser
Til mønsterfarger har eg brukt restegarn/fargekombinasjoner,
 etter 3 damegensere. (som  ikkje kan visast fram ennå)
Bunnfargen har eg kjøpt litt meir av
Eit morosamt mønster å strikke,
som kan by på litt utfordring
for den som ikkje er van med å strikke med 3 farger samtidig
i og med at eg har bytta farger på lyse og mørke område,
så får ein ein følelse av at det er ulike mønster
Eg har brukt Alapca Storm, Viking garn
pinner 3 og 4
Kjekt med eit handarbeid,
sommar som vinter
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar