torsdag 6. august 2020

Kopi av Ole Johansen Must sine votter


Garnpakke bestillt frå Varanger museum, Grenselandsmuseet.
Grenselandsmuseet er opptatt av kunnskaps og tradisjonshåndverk.
Museet arbeider med å rekonstruere mønstre og fotografier, 
som befinner seg i samlingene.
Mønsteret på votten er hentet fra et Ellisif Wessels fotografi,
i grenselandsmuseets billedsamling, som avbilder Per-John Savio og
Ole Johansen Must, på Wessels veranda før avreise med Borchgevinck 
sin sydpolekspedisjon i 1898.
Mønsteret er kopiert av Ole Johansen Must sine votter på bildet.
(kilde: vottemønsteret)

Garn: Finull Pt 2 Raumagarn

mandag 3. august 2020

Romedalsvotten

Mønster til Romedalsvotten fann eg på Ilseng.net,
etter tips frå ei anna strikkedame.
Design: Solveig Nordal (?)
Vottane er lette å strikke.
Brot og vrangbord tilsaman,
gjer at votten går langt opp på armen.
Tommel er liten i forhold til resten av votten.
Garn: rester av Peer Gynt, Sandnesgarn
pinner 3,5

søndag 26. juli 2020

Malangen votten

Eg la ut ein etterlysning på facebook,
der eg ba om tips til votter frå sør og nord.
Votter frå fleire landsdeler,
gjerne litt mindre kjente vottemønster.
Responsen var over all forventning,
mange strikkedamer landet rundt har vore fantastisk hjelpsomme.
Eit par mønster har allerede havna i innboksen min.,
andre er på vei med posten,
andre blir nok bestillt seinare.
Malangen votten,
er først ute av pinnane.
 Det finns fleire utgaver av Malangen votten.
Jørgen Johnsen skriv i sitt mønster:
"Denne votten fra Malangen i Troms har lange røtter i området.
Mønsteret har blitt strikket av mange, på ulike måter.
Dette er min variant som min bestemor Olga har strikket i mange år.
Jeg har flikket på den,
samt skrevet ned den, 
for å dele videre med deg".
 Eg har valgt å bruke rester av Per Gynt og pinner 2,5 og 3,5
størrelse: dame
eg gler meg til å strikke meg gjennom
 ein god del nye og ukjente vottemønster.
Håper eg blir ferdig i løpet av hausten,
men plutseleg blir det 2021 før eg er der...

torsdag 23. juli 2020

Genser Telemark rundstrikka

Ei dame kom med ein pose garn,
ho ynskte seg eit plagg til kyrkjeringen i bygda.
Eg la til to nøster kvitt til mønster.
genseren er strikka med pinner 3 og 3,5
Garn: Alpakka, Sandnes garn
Eg skulle eigentleg ikkje ta fatt på dette arbeidet,
før etter ferien,
men eg trong eit nytt enkelt strikk,
til å ha med seg ute blant andre,
- einsfarga rettstrikk er jo då heilt perfekt.
Eg har sagt at eg ikkje lenger tek på meg å strikke for andre,
men har lyst å bidra til kyrkjeringen, med det eg kan.
Så innimellom alle mine eigne prosjekt,
kan det nok bli litt til kyrkjeringen,
 i framtida og.

onsdag 8. juli 2020

Pulsvarmere av restegarn

Eg strikka ei kofte tidlegare i vinter,
der det var ein del garnrester igjen.
Restane har no blitt  til 3 par pulsvarmere.
 i og med at det er 3 ulike blåfarger,
laga eg ulikt antal striper,
slik at det blir lett å finne to like/par.
Mønsterstripene går igjen i kofta,
så om kofteeigaren vil,
kan desse no brukast som ein del av kofta.
Garn: Alpaca Fine, Vikinggarn
pinner nr 3

lørdag 6. juni 2020

Kåfjordvotten

Gjennom desse åra med  votteprosjektet mitt,
har eg prøvd å finne fram til litt "ukjente" votter/mønster.
Kåfjordvotten er designa av Ragna Helene,
og mønster blir solgt gjennom Birtavarre Husflidslag.
 Ragna Helene har disse tankene om Kåfjordvotten:
På oversida av votten er rokken - "kvinnens side"
Den er symbolet på kvinnens rolle i Kåfjord,
på hennes uvurderlige arbeide heime på småbruket,
og med husflidssyslene, der ull fra sauen var hovedmaterialet.
Derfor har jeg også begynt vrangborden med "steinbittenner"
og omkranset rokken med "kjetting".
Disse er border i stripene på grena.
Dette var hennes bidrag til å spe på familieøkonomien.
Store familier var vanlig den gang.
 På undersiden av votten finner du fisken og garnlenka.
"mannens side"
Han reiste på fiske i sesongene,
eller drev med fjordfiske.
På den måten skaffet han penger i kassa
og mat til familien.
Fra sesongfiske kom han bare heim
til store helger og i onnetida.
Tilsammen er dette et bilde på det som har vært
vårt folks levebrød gjennom tider: 
Småbruk og fiske.
Garn:3 tråds strikkegarn, Rauma

fredag 5. juni 2020

Oppfinnergenser

Litt dugnadstrikk, for kyrkjeringen i bygda.
Eg er ute i veldig god tid denne gongen,
då denne genseren er tenkt til julemessa....

oppfinnergenser eit design av Ellen Marie, oppfinnefruen.
 fem farger og store avstander mellom fargane,
gjorde at eg valgte å klyppa av tråden etter kvar mønsterfarge.
På vranga, såg genseren ut som eit piggsvin, 
før trådane vart festa
 Garn: Alpaca Storm, Vikinggarn
pinner 3 og 4
Håper den endelege mottaker vert fornøgd med genseren