mandag 9. november 2020

Barnehagevotter med dinosaur 1,5/2 år

Eg strikka dinosaurvotter i fjor,
til storebror med fleire.
Her om dagen hadde storebror vottane på i barnehagen.
Det var så stas med dinosaurvotter..
Storebror vart veldig oppteken av at veslebror
ikkje hadde slike votter.
Utpå dagen måtte storebror ringja til bestemor,
for å spørja om veslebror 
og kunne få slike dinosaurvotter.
Bestemor er ikkje vanskeleg å be.
Eg var bortom ein tur,
for å finne ut sånn nokonlunde størrelse,
og eg studerte eit par andre barnehagevotter.
Storebror kom for å sjå,
og lurte fælt på kor dinosauren var...
Storebror: no er dinosauren og vottane klar..
så ein av dagane som kjem,
 kan veslebror og ha dinosaurvotter i barnehagen.
planen var å ha grøne tomler,
slik at brødrene lett kan sjå kven sine votter det er.
Av gammal vane,
så strikka eg først eit par med svarte....
Vel, desse vottane er tydeleg populære,
det andre paret har og allerede fått ein eigar,
men det får han først vite til jul.
Garn: Pt 5 superwash, Rauma
pinner: 2,5
Det er morro når det ein lager vert så godt motteke.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar