søndag 9. september 2018

Votter og sokker - Marius møter kvikk lunsj

Med marius sokkemønster,
og eit foto frå internet,
som utgangspunkt,
vart det slike votter og
til samlinga mi.
Som vanlig, ligg eg nokre år etter i tid,
eg veit ikkje eingong om kvikklunsjmønsteret
er i bruk i dag og....
men det var nå eg var klar for dette...
 Garn: Pt 5 sport
pinner nr 3
 eg måtte jo selvfølgelig ha eit par sokker og...
det var jo eit sokkemønster eg hadde framfor meg,
og då var det fort gjort å starte på sokker og...
om du lurer på kva vottesamlinga mi er,
så sette eg meg eit mål for nokre år sidan,
eg skulle bruke restegarn,
og strikke så mange par som mulig på 1 år.
Eg fann og fekk så mange fine mønster,
at eg kom ikkje gjennom meir enn ein liten del første året.
Eg har etterpå teke år for år,
men har nå bestemt meg for,
at eg skal ha 100 ulike par i kassen
før eg gir meg...
Har ikkje heilt oversikten,
men har nok rundt 65 par der til nå.
Vel, må nok bare innrømma 
at det er ikkje bare restegarn som er brukt på den saminga...
- kanskje har restegarnslageret auka litt undervegs :D :D :D
Ha ein fin dag der du er.

4 kommentarer:

  1. Hei! Superfine votter og sokker :-) Ser at du skriver at du har laget mønster selv ut fra sokkemønster og bilde på internett. Vet du om det finnes mønster på disse? Har lett internett rundt, men finner ikke noe.

    SvarSlett
  2. Takk.
    Eg har ikkje sett noko mønster på desse.
    Om du har eit godt mønster på sokker/votter som utgangspunkt, er det ikkje så vanskelig å telje seg fram til eit diagram

    SvarSlett
  3. Hei, hvilken gulfarge har du brukt på sokkene ? Gul eller okergul? Kjempefine😍Skal strikke sokkene😊

    SvarSlett
    Svar
    1. Beklager at eg ikkje har svart deg før. Eg har brukt den fargen som passer best til den grøn og rød. mest sannsynleg gul

      Slett