lørdag 17. februar 2018

Charlottegenser

Denne genseren er strikka på bestilling,
med garn eg ikkje har brukt før.
Rauma finullgarn 1 tråd
Plum Rauma 2 tråder.
Pinne 5 og 6.
 - alt er strikka fram og tilbake,
der det ikkje er fletter, er det riller.
- med så store pinner,
gjekk det fort framover med strikkinga,
- monteringa tok litt meir tid enn vanleg,
men det er jo naturleg,
når ingeting er rundstrikka.

fredag 16. februar 2018

OL hue 2018

Det vart strikking av Ol hue,
til TV bilder frå
Pyeongchang, Sør Korea
 Dalegarnet var utsolgt,
så eg strikka i Sisu på pinner 2,5
 hadde hua med i lommen,
på den friske turen til sjøen i dag
 morro å bruke andre plasser og,
til slik fotografering
hua er allerede på vei med posten,
- eg håper at mottaker vert fornøgd 
med både størrelse og arbeid.

mandag 12. februar 2018

Votter 2018 Dåpsvott fra Selbu

Vottemønsteret er frå  Selbu Bygdemuseum, Sør Trøndelag.
Utgitt i ei samlebok om gamle votter.
Votteparet vart i si tid, 
laga til Martin Hofsli, 
og ble benyttet på hans dåpsdag i 1899.
Vottane er store og passer nok til str 3/4 år 
Eg har brukt Babyull og pinner 1,5.
Sjølv om eg hadde brukt 1,25
 som det stod i oppskrifta, 
så hadde nok ikkje vottane blitt små nok,
 til det som eg forbinder med eit dåpsbarn.
Navnet Ole er kun brukt 
fordi ein gut med navn med Ole (barnebarn)
 er født i 2018,
vottane er ikkje tiltenkt han.
Dei skal i samlekassen, 
i lag med bortimot 60 andre par.
Det var litt "putlete" å strikke desse vottane,
Eg følgte mønsteret,
men det vart 9 masker for mykje, på innside vott,
etter auking til tommel,
så eg måtte fjuske litt når eg skulle felle av vottane.
- trur nok ikkje det vert fleire av same slaget....

torsdag 1. februar 2018

Votter 2018 votter med fletteugler 2/3 år

desse vottane har eg strikka utan mønster,
prøvd meg fram med maskeantal og pinnestr.
på desse første eg kun pinne 2,5
det vart litt stramt
under har eg brukt 2,5 på vrangbord og 3 på resten
det vart mykje bedre, og lettere å strikke
Garn: resten av Pt 5 sport
eg har skreve ned eit slags mønster,
- fint å ha 
om eg kjem på eg skal strikke fleire av same slaget..

onsdag 31. januar 2018

Votter 2018 - votter med bisekanter og mønsterstrikk

Desse vottane var enkle å strikke
Bisekant, det var ein ny teknikk for meg,
men ikkje vanskelig 
når eg berre les oppskrifta skikkelig...
 Garn Pt 5 sport
pinner 2,5
- i følge mønsteret skulle eg brukt pinnne 3 og 4,
men då hadde vottane blir ganske store i størrelsen..
Mønsteret var i eit bilag til Hjemmet 6/2017

torsdag 25. januar 2018

Votter 2018 Eigersundsvotten

For ikkje lenge sidan 
fekk eg høyra om ein Eigersundsvott.
Sidan eg starta mitt prosjekt,
så har eg leita etter lokale vottetradisjoner,
og når det gjeld Egersund,
så har eg ikkje fått noko napp før no.
Kanskje ikkje så merkelig at ingen kjente til votten
i den tid eg spurde meg rundt,
for dette mønsteret er nokså nylaga.
.
uppps - eg ser først nå at eg har gløymt ei bord på eine votten....
sånn kan det gå...
- eg syns den eine var litt kortare enn den andre...
 Historikk:
Egersund Husflidslag har i 2016
 jobbet med å utforme et mønster 
for en strikket vott,som vi vil kalle Eigersundsvotten.
.
Med utgangspunktet i et par gamle votter 
som stammer fra Helleland i Eigersund Kommune,
samt et par knestrømper fra begynnelsen av1900-talet, 
også disse fra Helleland, 
har vi forsøkt å bruke det gamle mønsteret i vår nye vott.
.
 resten av historien får du med mønsteret...
vottane er strikka i Ask, Norsk Ullgarn 100% norsk ull
- eg valgte å bruke pinne 2,5 og strikke største str
passer til dame/mann
Egersund Husflidslag har pakker med garn og mønster for salg,
så ta kontakt med dei om du er interessert....

lørdag 20. januar 2018

Votter 2018 Vestland

Eg strikka kofta Vestland for ei tid tilbake..
i same oppskrifta fann eg mønster til desse vottane
 eg brukte Pt 5 sport som i kofta
og pinner 2,5 - på heile votten
 eg strikka herre størrelse,
men pga pinnevalg passer dei til damehender
eg har sett att nokon lurer på  
om eg har vottearkivet på nett..
- eg har ingen oppskrifter på nett,
kun foto og det eg skriv her i bloggen.
Mitt "vottearkiv" som eg av og til skriv noko om er:
eit eksemplar av alle vottane gøymt i ein kasse,
alle oppskrifter og litt info i perm og digitalt til eige bruk.
Kassen med vottane i,
er av og til med ut på tur,
der dei blir vist fram til interesserte,
som på førehand har spurt meg om å ta dei med.
God helg!