lørdag 20. januar 2018

Votter 2018 Vestland

Eg strikka kofta Vestland for ei tid tilbake..
i same oppskrifta fann eg mønster til desse vottane
 eg brukte Pt 5 sport som i kofta
og pinner 2,5 - på heile votten
 eg strikka herre størrelse,
men pga pinnevalg passer dei til damehender
eg har sett att nokon lurer på  
om eg har vottearkivet på nett..
- eg har ingen oppskrifter på nett,
kun foto og det eg skriv her i bloggen.
Mitt "vottearkiv" som eg av og til skriv noko om er:
eit eksemplar av alle vottane gøymt i ein kasse,
alle oppskrifter og litt info i perm og digitalt til eige bruk.
Kassen med vottane i,
er av og til med ut på tur,
der dei blir vist fram til interesserte,
som på førehand har spurt meg om å ta dei med.
God helg!

1 kommentar:

  1. Fine votter! Ja, det er greit å strikke herrestørrelse når garnet og pinnene er forholdsvis tynne. Men det blir lekkert, da.

    God lørdagskveld fra Ingunn

    SvarSlett