mandag 8. januar 2018

Votter 2018 Amorin votter

For eit par år sidan
fann ei vennine ein vott på ein parkeringsplass.
Ho visste at eg samlar på votter og nye mønster,
så ho tok votten med,
 slik at eg kunne kopiere den.
 det var på ein hotellparkering i Rogaland,
og dei fleste gjestene var reist etter helga,
så ho rekna med at det vart vanskeleg å finne att eigaren...
- vel, om eigaren tilfeldig les dette,
 så er votten her ennå..
 eg tok fatt på arbeidet med å kopiere votten:
teikne ned mønster, telje og teikne på ny
ja, det var lett å gå i surr med alle detaljane..
eg la bort arbeidet, tok det opp att, og la det bort på ny
- mønsteret vart stort og uoversikteleg,
eg prøvde sågar å strikke samtidig som eg laga mønster,
for å prøve å få til ein bit om gongen..
vel, det vart lagt bort på ny...
 for ei tid sidan, såg eg like votter på nettet,
og begynnte å leita etter mønster.
Eg vart vist til sida til "Ingunns småstrikk" (facebook)
ho har laga det opprinnelege mønsteret,
og har no dette som gratismønster på sida si.
eg rekte opp att alt som var strikka frå før,
og starta på ny
 med eitt kunne ein fleirårig ufo 
verta ferdig i ein fei...
og nok eit par votter er på plass i vottekassen min...

3 kommentarer:

  1. Kjempefine votter i nydelige farger! Takk for at du deler oppskrift!

    Klem

    SvarSlett
  2. Hei ☺️
    Lurte på om det er mulig å få dette mønsteret 😊 svigermor elsker engler og er min engel 😇
    Mvh Venke

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei
      Dette mønsteret har eg funne hos Ingunns småstrikk på facebook. der kan du laste det ned gratis
      mvh Ruth

      Slett