søndag 27. november 2011

sokker med smale striper

med litt nytt garn og del større eller mindre rester
har det blitt ein del sokkepar i det siste
 denne gongen med smale striper
- 2 omg med bunnfarge og 1 omg med mønsterfarge
 - eg strikker begge sokkane paralellt
slik at eg kan byta tråd på same plassen
når det er slutt på ein farge
denne gongen vart det både dame og herresokkar...
Eg har brukt Silja garn og pinner nr 3

onsdag 2. november 2011

enkle leggvarmere

strikka i  Viking garn

 eg har brukt pinner nr 5 og Odin garn

eg la opp 16 på kvar pinne
og brukte eit nøste pr leggvarmer

torsdag 13. oktober 2011

Pulsvarmere

I det siste har pulsvarmere blitt ein "hit"
det eine paret etter det andre er komne ut av strikkepinnane her...
.
 - dei fleste para er laga av restegarn
eller garn eg har fått av andre...
.
- desse er litt meir "lukseriøse"
og strikka i tynn alpakka på pinner nr 3.
.

torsdag 29. september 2011

Mormor tøfler...

eller Bosnia tøfler som dei og vert kalla
.
 - i barne tøflene har eg brukt restegarn av ulikt slag 
og pinne nr 3
.
 - dame størrelse strikka i garnet Sprots ragg på pinne nr 3
- dette garnet er litt tjukt, så tøflene vart litt store
.
 - her har eg brukt melert garn til mønsterfarge
.
Tøflene er enkle å strikka, og arbeidet går fort unna.

søndag 4. september 2011

Tova votter

i friske fargar....
.
Her har eg brukt pinner nr 5 og Rauma Pt2 garn.
Dei vart ganske store,
så eg tova dei 3 gonger for å få passe størrelse.

torsdag 21. juli 2011

Tova tøfler av lapper

Strikkinga til desse tøflane gjekk unna i ein fei
.
- eg har brukt pinner nr 4 og pt 2 garn
.
 - monteringa gav meg litt hodebry,
men når eg først fann ut av det,
så var det ikkje så vanskeleg likevel.
.
 - tøflene klar til toving
.
- etter ein runde i maskinen på 60 grader
og ein dag på tørkesnora,
er dei klar til bruk.

fredag 3. juni 2011

Huer med mønster

 - eg driv fortsatt på å rydda i/strikka meg
gjennom gamle garnposer...
- haugen skal ikkje inn i skapet att,
den skal få stå på golvet til alt er borte.(minkar godt no :-) )
Denne gongen har eg blanda garnsortar,
for å få nok til ferdige produkt.
.
- grått i grått, strikka med vestlandsgarn
og eit anna superwash garn
.
 - her har eg brukt Juvel og Pt 5 sport
.
- denne hua er ei blanding av smårestar.
Alt er strikka på pinne 2,5 og 3.
Huene vert no lagt i "ferdig skuffa" til einkvan har bruk for ei hue.