søndag 31. oktober 2010

sokker nok ei gong....

Eg hadde fått brukt opp det meste av mitt sokkegarn
og hadde ein plan om å ta fatt på andre ting,
men så ville det seg slik at det vart rydda i eit anna hus
og ein pose med garn havna i mine strikkepinner
.
i posen var det grått og blått garn
.
og med litt smårester frå mitt lager
fekk eg mange og fargerike sokkar.
- no tenkjer eg at søsken, nieser og nevøer kan gå ein varm vinter i møte...
.
- mange bekker små, blir tilslutt ei stor å...
å laga sokkar av smårester er morosamt
og ein må venta til siste maske er strikka
før ein veit resultatet...

mandag 4. oktober 2010

man tar hva man har.....

litt restegarn i fleire fargar
.

vert snart til fargerike sokkar....
.
Desse skal gå til M sitt prosjekt der ho samlar inn til dei svake samfunnet.
- julegåver til desse som sel gatemagasinet i Bergnsområdet.
Har du lyst å delta med sokker, votter, skjerf el. likn
ta kontakt med M.
Ha ein fin kveld.

søndag 3. oktober 2010

Tid for innekos....

Hausten er komen med regn, vind og mørke kveldar.
.

Eg har i dag ordna meg med garn og mønster
.
og mykje stearinlys.....


- no er eg klar for kveldar framfor ovnen,
med varm te i koppen
levande lys på bordet
og eit handarbeid i hendene.



tirsdag 21. september 2010

Tunika med rund sal

Denne starta eg på tidleg i vår,
men som vart lagd bort under sokkestrikkinga.
.

Tunikaen er strikka med bomullsgarn og pinner nr 3.

Den vert nok å finna under eit juletre til jul,

i eit hus der det bur ei lita jente......

mandag 13. september 2010

meir korssting

Julepost nr to er ferdig
.

det er morro å brodera litt innimellom,

men no skal strikkepinnane fram att...

onsdag 11. august 2010

Korssting

Det har blitt mange sokkepar denne våren
og lite å visa fram her på bloggen.
For eit par veker sidan kom eit handarbeidsblad i posten
og eg sat og studerte på alt det fine ein kan lage.
Så kom ånda over meg
og eg fann fram eit korsstingsbroderi som eg kjøpte i fjor.
.
dette var lett å brodera og i ein fei vart eg ferdig
.
for meg skal baksida vera like fin som framsida.... nesten... :-)
Eg tykkjer det like viktig å signera handarbeid - som foto,
med navn og årstal.
Eg har sjølv arva gamle handarbeid
men har ingen mulighet til å vita kven som har laga det
eller kor tid - fordi dei ikkje er signerte.
Om hundre år er allting gløymt - heiter det
men ein treng ikkje så mange år til å gløyma ting som ikkje er notert...
Eg er allereie i gang med eit nytt arbeid
denne gongen på blå botn
- det vert ei større utfordring det, ja.

søndag 20. juni 2010

sokkar, sokkar, sokkar....

har det blitt mange av i vår.
I vinter tok eg fram garn som har blitt liggjande
og der var visst meir sokkegarn enn eg var klar over.....
Har lenge tenkt eg skulle laga eit "sokkeparade" innlegg,
men så har det seg slik at fleire sokkepar
har liksom bare "blitt borte" undervegs....
.
det har blitt sokkar i tynt garn
.
fargerike sokkar for mor og barn
.

tjukke sokkar av restegarn
.

einsfarga sokkar med mønster
.
i stikkepinnane har eg no sokkar i fleirfarga garn
.

samt eit prøveprosjekt med elg mønster
.
om dette vert ein suksess
så vert det heilt klart populære sokkar
- spesielt hos våre utanlandske venner....