fredag 5. juli 2019

Genser og bukse med gravemaskin

 Bestemorgutten er ein liten arbeidsgutt
- maskiner og traktorer er tingen.
Genser og bukse med gravemaskiner er populært
 buksa fekk ein gravemaskin og to veisperringer bak
 og ein veisperring og to gravemaskiner framme
 mønsteret/ oppskrift til genseren 
har eg plukka litt her og der
eg har valgt å strikka i Silja garn 
som er slitesterkt  
- str 6 år
 bestemorgutten er nå klar for ein ny nordnorsk vinter

tirsdag 28. mai 2019

Setesdalsgenser

"Mor, kan du spøda/strkke ein slik genser,
ein slik som på dette biletet?"
Gutten ba om ein setesdalsgenser med bånd...
Selvfølgeleg strikker mor ein slik.
 eg måtte leita litt for å finne diagram til dei rette bordene
 eg har plukka litt her og der
Setesdalsmønsteret eit mønster 
som det er lett å gjera endringer i/bytte border
- og enkelt å strikke
 Eg har brukt Smart garn
Sy på bånda er litt meir plundrete,
det er nok mest fordi eg ikkje gjer det så ofte.

tirsdag 7. mai 2019

Harepusgenser med lue

Før påske hadde Vikinggarn ein utloddning
på facebook og instagram
Eg vart uttrekt
og var så heldig 
og få garn og mønster til denne genseren.
strikka i  Vikinggarn Alpaca Storm
 Eit nytt garn for meg,
og eg vart positivt overraska,
Ein skal ikkje sjå vekk frå,
 at eg bruker dette garnet fleire gionger.
 eg har gjort ein liten vri.
Eg har strikka einsfarga hue - utan harepuser
På alle halane til harepusane,
er det i mønsteret meint at ein skal ha kvite dusker.
Eg ser for meg at duskane vil vera til bry,
det blir tjukt under ein jakke 
og dei er lette å hengje seg fast i.
(foto frå mønster)

Eg er litt seint ute til årets påske,
men genseren kan ein jo bruke året rundt..

mandag 15. april 2019

Tanagenser forbedra utgave

Då har eg kome i mål,
med den forbedra utgaven av Tanagenseren.i str L
 litt lengre på armer og bol
 ein hel del mindre i halsopninga
og mottager er fornøgd
alt er nå notert ned,
og mitt eige mønster er klar til bruk
om eg skulle få spørmål om fleire slike gensere...

onsdag 10. april 2019

"Lykke" jakke og hue

Barnesett i Viking design
str 1 år
 strikka i viking babyull
det vart eit par utfordringer undervegs,
då der er nokre småfeil i diagrammet.
- med hjelp av bildet i heftet
og litt sunn fornuft
gjekk det i grunnen greitt tilslutt
settet skal snart reise ut i verden,
og finne veien til ein liten prins
som skal bli født nå snart.
- strikka stort nok til bruk neste vinter,
for i frå april/mai og framover,
er det stort sett for varmt 
for ullklede 
i det nye heimlandet... 

lørdag 16. mars 2019

Mønster etter Anna Biggi, Tana

Eg er stadig på jakt etter nye vottemønster,
og i den forbindelse så fekk eg tips 
av ei dame frå Tana,
om dette mønsteret
etter Anna (Olsen) Biggi, 
som budde i øvre Bonakas, Tana.
Vottane er ofte strikka med kvit bunnfarge.
 Dama som viste meg bilete av votter og hue med mønsteret,
snakka om at ho kunne tenkt seg klar blå bunnfarge,
så då måtte eg prøve det og
 når eg først var i gang,
så vart det huer i kvitt og blått og
 og sånn underveis,
så svirra ideane rundt i hovudet,
om mønsteret brukt på andre ting.
- mønsteret passa akkurat på eit par sokker
Eg har prøvd meg fram,
notert ned maskeantal osv
 og ville nok endra litt på fasong/størrelse
om eg skulle strikke meir av dette.
Garn Pt 5 sport - pinner 2,5 og 3

lørdag 9. mars 2019

Damevotter

Damevotter fra 
.
Før eg reiste på ferie,
la eg fram garn, pinner og mønster,
utan å lese gjennom oppskrifta først....
jaja, garnet var litt for tynnt,
så det vart barnevotter i plassen....
men det har eigentleg ikkje noko betydning,
denne gongen.
eg hadde med Frøya viking garn,
men vil nok heller satse på
 Peer Gynt el likn ei anna gong
- nok eit par votter er lagra i samlinga mi