mandag 23. mai 2011

Tova tøfler

 i friske fargar...

til store 
og litt mindre føter.
Her har eg brukt dobbelt Pt 2 garn frå Rauma
og pinner nr 6.
-   tøflene er tova to gonger.

mandag 9. mai 2011

Tunika i vinden....

 To småjenter skal snart kles opp
.
i kvar sin blå tunika med åttebladroser.

Eg har brukt Pt 5 sport  garn og pinner nr 2,5 og 3.

søndag 24. april 2011

viftemønster

 Eg har i lenger tid strikka sokkar med dette viftemønsteret.
Kor mønsteret kjem frå er uvisst,
men eg fekk det via ein strikkekafe.
og no vil eg dela mønsteret med dykk.
.
Eg bruker Pt 5 sport og pinner nr 3.
Legg opp:
1. pinne - 13 masker
2. pinne - 14 masker
3. pinne - 12 masker
4. pinne - 14 masker
.
 Mønsteret strikkes slik på alle pinner nr 1.
.
1.omg. 5 vrange, 2 rette saman, 6 rett, 1 kast
2.omg. 4 vrange, 2 rette saman, 6 rett, 1 kast, 1 rett
3.omg. 3 vrange, 2 rette saman, 6 rett, 1 kast, 2 rett
4.omg. 2 vrange, 2 rette saman, 6 rett, 1 kast, 3 rett
5.omg. 1 vrang, 2 rette saman, 6 rett, 1 kast, 4 rett
6.omg. 2 rette saman, 6 rett, 1 kast, 5 rett
.
 Mønsteret strikkes slik på alle pinner nr 2.
.
1.omg. 1 rett, 1 kast, 6 rett, 2 vr rette saman, 5 vrange
2.omg. 2 rett, 1 kast, 6 rett, 2 vr rette saman, 4 vrange
3.omg. 3 rett, 1 kast, 6 rett, 2 vr rette saman, 3 vrange
4.omg. 4 rett, 1 kast, 6 rett, 2 vr rette saman, 2 vrange
5.omg. 5 rett, 1 kast, 6 rett, 2 vr rette saman, 1 vrang
6.omg. 6 rett, 1 kast, 6 rett, 2 vr rette saman
.
 3. og 4. pinne 2 rette og 2 vrange fram til hæl
- under fot strikkes rett
.
Lykke til med strikkinga!


fredag 22. april 2011

fleire sitjeunderlag

 Det har blitt ein del sitjeunderlag etter kvart...
- denne gongen med nyinnkjøpt garn
.
- her eg har brukt fleirfarga fritidsgarn og pinner nr 6
.
- dette er 2. utgave av ein test,
- brodering på ting som skal tovast...

onsdag 16. mars 2011

Tova sitjeunderlag

Det har vore lite aktivitet på denne bloggen i det siste.
Det ikkje fordi srtikkepinnane har lege i ro...
men fordi sokke og skjerf strikkinga vil liksom ingen ende ta....
- eg har hatt lite nytt å visa.
.
- denne gongen har eg brukt restegarn av bl.a. Peer Gynt
frå før "maskinvaskbar" tida,
og for å få sitjeunderlaga tjukke,
har eg brukt dobbelt garn og pinner nr 5.
.
- legg opp 80 masker på pinner nr 5 eller 6
.
- strikk 58 riller
.
-om ønskeleg med handtak,
strikk 30 m, fell 20 m og strikk 30 masker.
- på neste pinne legg opp igjen dei 20 maskane
- strikk 6 riller og fell av.
.
- vask på 60 grader vanleg vask i maskinen, med grønnsåpe
.
- dette er enkelt og raskt arbeid,
og no har eg to gode sitjeunderlag på tørk
.


- dei skal få sin plass i gammelbilen
til bruk på turar og utstillingar ilag med andre veteranbilar.

onsdag 15. desember 2010

sjå kva eg vann...

eg deltok i trekninga Torunn
med bloggen Vanella.
Torunn er kreativ og flink med symaskinen
og gåvene var strikketøymapper og pinneetui.
.
- pinneetui med plass til pinner og saks
.
- strikketøymappe med plass til mønster, nøster og arbeid
og som er lett å ta med seg i veska
.
Tusen takk Torunn. Begge deler er allereie i bruk.
.

søndag 5. desember 2010

trekning..

Vi skriv 5. desember og det er advent
to lys skal tennast - vi ventar på jul
.
Ute har frost og kulde teke ein pause
og eit lett snølag ligg på åker og eng.
.
Vinteren er ennå lang
og skjerfet kan koma godt med
og varma ein kald hals, ein stad i Norge.
Min mann har gjort unna trekninga
og den heldige vinnar er:
britaiskogen
.
GRATULERA
.
Kan du senda navn og adresse
til email: ol-boe@online.no
.
God andre søndag i advent.