onsdag 8. november 2017

Huer av restegarn

Ein dag eg såg etter noko anna garn,
datt ein pose framfor meg....
- det var restegarn i mange farger..
Eg hadde lenge tenkt på,
 korleis eg kunne nytte dette garnet,
for å få mest mulig ut av det,
samt at det kunne vera til nytte for mange.
Den gongen eg fekk desse posane,
var det med beskjed om,
 at det kunne bli brukt til eit godt formål.
Oppskrifta er lett:
strikk så langt garnet rekk,
finn ein ny rest og strikk vidare.
På denne måten bli alt garnet brukt på ein enkel måte.
Dei første 10 huene reiste fort avgårde til eit anna land,
og er kanskje i bruk allerede.
 dei neste 5 fekk ein ny heim i lokalmiljøet
 dei siste 8 skal snart reise et stykke avgårde,
og bli gaver til nokon som ikkje har så mykje frå før...
to store poser som kun tok opp plass her i heimen,
kan snart varme 23 hoder nært eller fjernt...

1 kommentar:

  1. Dette ble et glad-innlegg! Jeg er imponert over innsatsen! Fint å kunne glede andre!

    Klem

    SvarSlett