onsdag 14. september 2016

Hentesett og litt til

Eg vart spurt om å lage eit hentesett.
Med i garnposen var det og litt rosa garn,
for det er ei lita jente som skal sjå dagens lys om kort tid.
Valgte å strikka settet i kvitt,
men pynta med rosa knapper
 - litt av det rosa garnet vart til ei ekstra hue
 - mønster til hentesett og hue fann eg i dette heftet
 - ein ekstra jakke
strikka i str 3 mnd, 
men som vart mindre enn jakka i settet....
kanskje det ei gong kan bli ein dokkejakke...
 - jakkemønsteret fann eg her..
 - votter og sokker i kvitt og rosa vart det og
 - tilsaman vart det jammen nokre plagg til jentebabyen
- morro å strikke slike småting i blant...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar