fredag 30. juni 2023

Marius til baby/barn

Ei av mine lurte på om eg kunne strikke 
nokre små Mariushuer og ein genser,
før eit visst tidspunkt.
Eg såg nok ikkje heilt for meg,
kor små desse huene er,
så eg lova å prøve innan dato som var sagt...
 
dette gjekk raskare enn tenkt,
Eg såg snart at eg kunne leite fram meir babyull,
og strikke litt meir Marius i same slengen.
tre ekstra gensere og to ekstra huer vart det utav det....
Babyull og pinner 2 og 2,5
Nå held det med Marius for denne gongen.
3 huer og 1 genser reiser vidare i helga.
Resten blir plassert i Bronnhuse, handarbeidsromet mitt,
og selges til den som har lyst å kjøpe.
Det er det beste med det nye romet mitt,
ingenting vert gøymt i kasser og skuffer,
nå kan alle som kjem innom,
sjå kva eg har på salg.
Samt sjå på dei utstillte 150 + vottane mine

tirsdag 30. mai 2023

Spiderman votter med barnehagevotter som utgangspunkt

For nokre år sidan var eldste bestemorgutten,
i den alderen der det var svære greier med spiderman.
Då laga eg meg eit mønster,
med barnehagevotter som utgangspunkt.
Nå er dei 3 minste bestemorguttane
i rett alder for slike votter.
Eg har endra garn og størrelse på pinner
og dermed fått vottar som er litt større.
Samt retta opp feil i mitt heimelaga diagram.
Garn: Sportsragg, Vikinggarn
pinner 2,5 og 3
str 5/6 og 6/7

Det går unna når ein først er i gang,
og eg har fått brukt opp ein del garn frå garnlageret mitt.

mandag 22. mai 2023

Tova flaskehekser i to størrelser

Bestemorgutten kjem snart heim på ferie,
då har bestemor lova å vera ferdig med tova flaskehekser til han.
Gutten har bestemt korleis han vil ha dei.
Det er hans tur å arrangere klassens halloweenparty i oktober,
og klart bestemor vil hjelpe han med litt pynt til den dagen.

eg har brukt mønster til tova flaskenisser som utgangspunkt

I nasekø...
dei minste passer til eit krydderglass,
eller som eg bruker dei:
eit medisinglass med godterier oppi
dei store passer ytil 0,5 liters flaske
storfamilien Heks

Garn: Vams, Raumagarn
Pinner: 5
raske å strikke og morro å lage

søndag 21. mai 2023

Samiske votter fra Tanadalen

Mønster etter pyntevotter
til Marit Varsi, Sirbma
mansjetten til vottane har vore ferdige ei tid...
eg har fundert på korleis eg skal strikke mønster
 på utside hand.
Såg ei gong ein liten videosnutt,
men har ikkje funne den igjen...
Då får ein bare gjera så godt ein kan,
og bruke det vesle eg hugser frå videone.
Om eg har knekt koden heilt rett,
det er eg usikker på
Garn: Eco Highland, Vikinggarn
pinner 2,5

ein gong, kan det nok hende
at eg prøver på nok eit par.
kanskje eg då har fått eit par tips
om rett måte å gjera det på..

lørdag 20. mai 2023

Pibbargenser

For tida har eg mange prosjekt på gang.
Litt fordi eg har laga meg nye "utearbeid"
andre arbeid må eg strikka på heime.
Pibbargenseren, den 4. i rekka
 som skal bli fødselsdagsgåve til ei av mine,
sånn utpå sommaren ei gong,
har eg strikka litt på nå og då.
Nå var eg komen så langt,
at det var på tide å bruke litt tid på mønsterdelen,
og få han ferdig.
mønster: Vikinggarn
garn: Alpaca storm Vikinggarn
Eit forholdsvis enkelt mønster,
men 4-5 omganger kan by på ei utfordring,
for den som ikkje er van med å strikke med 3 tråder.

 

fredag 5. mai 2023

Ellinor kjole

Eg har lenge hatt lyst til å strikke kjole,
men når ein kun har guttebarnebarn,
så er det ikkje det ein starter med først....
No var tida der,
og eg handla inn mønster og garn.
skjørtet var greitt å strikke
det var litt meir putl å få overdelen fin
- få masker og mange fellinger..
satser på det bedrer seg med litt damping..

søndag 16. april 2023

Tova sitteunderlag

To tova sitteunderlag
strikka i Naturgarn frå Vikinggarn
og pinne nr 8
Det går med 6 nøster Naturgarn

 Eg hadde ikkje noko oppskrift,
og la opp litt for mange masker.
Sitteunderlaga vart avlange.
Neste gong vil eg nok reduserer 
frå 78 masker til 70 eller 72.
Eg tova i maskin,
og dei måtte ha to omganger,
før eg vart sånn passe fornøgd.