torsdag 7. november 2019

Barnehagevotter med dinosaur

Den største bestemorgutten treng nye votter.
Barnehagevotter skal det vera-
mønster kan bestemor finna på sjølv.
Bestemor ser at bestemorgutten 
bruker klær med dinosaurer,
så bestemor finn fram bilete av dinosaurer,
og lager seg eit diagram som passer til votter.
 for å vera sikkert vottane passer,
så strikker eg først to størrelser, 
med tanke på den eldste bestemorgutten.
Eg har litt meir grønt igjen,
må spe på med litt meir svart,
og vips har bestemorgutt nr to også nye votter
 garn: rester av Pt 5 sport, pluss 1 nytt nøste med svart
 pinner 2,5.
Det har vore ganske stille her på bloggen,
men strikkepinnane har garantert ikkje fått ro.
Eg har fleire store prosjekt på gang.
Eg har og eit par ting, 
som eg må vente med å vise fram,
sånn til etter jul...
Ha ein fin dag.

lørdag 28. september 2019

Kofte - gjenbruk og gammalt garn

Ei dame kom med ein pose,
 og lurte på om eg kunne hjelpa henne.
Ho ønskte seg ei kofte,
ut av det som var i posen.
 I posen var det:
 triplex garn,
to ferdig strikka armer, 
som ser ut til å ha vore på ei maskinstrikka kofte
 der var knapper, alle velbrukte
 samt starten på ei kofte.
Eg har strikka kofta ut frå denne biten,
når det maskeantall, pinnestr osv
 eg har prøvd på internet,
men har ikje fått nok napp ang mønsteret,
så eg har rekna meg fram,
og teikna ned diagrammet.
 som vanlig,
så har eg strikka fram og tilbake
 eg var litt usikker på mengde garn,
og gjorde stolpane litt smale,
men ser nå at dei kunne godt vore eit par masker breiare
 knappane har eg brukt annankvar
 ferdig kofte
 kofta har fått sitt eige preg,
med mønster-ruter som er litt mindre på armane
Nå håper eg at dama vert fornøgd.
For meg var det eit spennande prosjekt.
Morro med gamle mønster og gjenbruk.

mandag 16. september 2019

Genser med gravemaskin x 4

Bestemorgutten har ein bestevenn som og er gravemaskinsgutt,
så klart ville bestemor laga genser til han og...
Det passa heilt fint,
fordi eg var ganske så raus,
 når eg kjøpte garn til første genser og bukse.
 Eg hadde ikkje mønster for hand,
og tok godt i, for å vera sikker...
Når to gensere var ferdig,
hadde eg meir enn nok garn til mønsteret,
Eg kjøpte litt meir bunnfarge,
og vips hadde eg 4 gensere til.
mesteparten av genseren er jo einsfarga,
så dette vart eit lett arbeid i sommarvarmen,
og lett ha med seg blant andre.
Har fortsatt litt mønsterfarger igjen...
men det blir ikkje fleire av dette slaget nå,
5 gensere pluss 1 bukse får vera nok.
Eg har allerede andre større og bestillte plagg i pinnane..
Ha ein fin dag.

onsdag 28. august 2019

Osloanorakk med traktor

genser til dei to minste bestemorguttane
 har strikka Osloanorakk,
og brukt eit traktormønster som passa
 sidan dette skulle passe til 2 år til 6 mndr
så måtte det verta ein traktor utan tak
på den minste størrelsen vart det nok med ein traktor framme og bak

måtte jo ha nokre kule knapper..
 traktor utan hus måtte det bli på biletet
 men måtte prøva meg litt med tak og...
strikka i allpakka ull, sandnesgarn og pinner 5,5

søndag 14. juli 2019

Vognteppe x 2

Eg fekk spørsmål om å strikke vognteppe,
lysblått og kvitt skulle det vera.
Valget falt på Putty vognteppe - Sandnesgarn.
 I følge mønsteret skal ein strikke rundt,
klippe opp og strikke rillekanter etterpå.
I mitt hovud vil det bli meirarbeid.
Sidan eg aldri bruker maskin på noko som helst strikk,
så strikka eg fram og tilbake - og rillekantane samtidig
Det lysblå teppet er strikka i Merino babyull frå Gjestal
Det blå i Babyull lanett, Sandnesgarn 
Pinne 3
Eit strikk som er lett å strikke på,
når ein er i lag med andre.

fredag 5. juli 2019

Genser og bukse med gravemaskin

 Bestemorgutten er ein liten arbeidsgutt
- maskiner og traktorer er tingen.
Genser og bukse med gravemaskiner er populært
 buksa fekk ein gravemaskin og to veisperringer bak
 og ein veisperring og to gravemaskiner framme
 mønsteret/ oppskrift til genseren 
har eg plukka litt her og der
eg har valgt å strikka i Silja garn 
som er slitesterkt  
- str 6 år
 bestemorgutten er nå klar for ein ny nordnorsk vinter

tirsdag 28. mai 2019

Setesdalsgenser

"Mor, kan du spøda/strkke ein slik genser,
ein slik som på dette biletet?"
Gutten ba om ein setesdalsgenser med bånd...
Selvfølgeleg strikker mor ein slik.
 eg måtte leita litt for å finne diagram til dei rette bordene
 eg har plukka litt her og der
Setesdalsmønsteret eit mønster 
som det er lett å gjera endringer i/bytte border
- og enkelt å strikke
 Eg har brukt Smart garn
Sy på bånda er litt meir plundrete,
det er nok mest fordi eg ikkje gjer det så ofte.