fredag 4. november 2016

Jakke og kjole til veslejenta

eit oppdrag på bestilling..
- kjole og jakke til ei lita jente
 - rosa og hjerter er ikkje det strikkest,
morro med litt variasjon
 - kjolen er sid og jakken litt vid..
 - nå er veslejenta klar til fest
 Garn: baby ull
Pinner: 2,5 og 3
- fann mønsteret i dette heftet 
1114 Viking Design

søndag 23. oktober 2016

Nancykofte til småbarn

Eg som ikkje skulle strikke nancykofte,
klarte ikkje å motstå denne barnekofta.
 - som alltid strikker eg fram og tilbake
 Garn: babyull - lanett, frå Sandnesgarn
 Sandnesgarn ga nylig ut nytt hefte,
der fann eg oppskrift på kofta
Babyull nr 1618
- ei lita tulle som nylig kom til verden,
skal få denne kofta i barselgave...

fredag 14. oktober 2016

Marius jakke og sokker

Ei bestemor frå Sverige,
lurte på om eg kunne strikka jakke til henna barnebarn.
Det måtte bli noko "heilnorsk"
og Marius fall i smak.
Kofteknapper vart det og denne gongen
 Eg har brukt baby ull
str ca 18 mndr
 - fekk litt garn til overs
og strikka eit par sokker i tillegg
 - hadde ingen mønster av jakker i rett størrelse,
så eg har brukt ein genser i dette heftet som utgangspunkt
- snart er jakke og sokker klar for å reise,
til vårt naboland i aust...

tirsdag 20. september 2016

Restegarnstrikk

Veslegutt trong ei ny ullbukse,
monster eller traktor bukse ville han ha
( i følge mora)
 - bestemor laga monstertraktor.....
- når eg først var i gang,
vart det ei monsterbukse til 
i litt mindre størrelse
 - har brukt ei blanding av 
Rubin og Superwash
 - ein port kan brukast til så mangt..
 - veslegutt trong også nye sokker 
her har eg brukt opp ein del rester av Silja
 - når ein først er i gang,
er det fort gjort å strikke fleire par
 - i ulike størrelser
vart sokkane til 
alt etter kva garnrest eg meinte passa best der og då..
- litt restegarn er brukt opp,
men det viste ikkje mykje igjen
i det store restegarnskapet....

onsdag 14. september 2016

Hentesett og litt til

Eg vart spurt om å lage eit hentesett.
Med i garnposen var det og litt rosa garn,
for det er ei lita jente som skal sjå dagens lys om kort tid.
Valgte å strikka settet i kvitt,
men pynta med rosa knapper
 - litt av det rosa garnet vart til ei ekstra hue
 - mønster til hentesett og hue fann eg i dette heftet
 - ein ekstra jakke
strikka i str 3 mnd, 
men som vart mindre enn jakka i settet....
kanskje det ei gong kan bli ein dokkejakke...
 - jakkemønsteret fann eg her..
 - votter og sokker i kvitt og rosa vart det og
 - tilsaman vart det jammen nokre plagg til jentebabyen
- morro å strikke slike småting i blant...

mandag 22. august 2016

Jakke til Silje

Denne gongen har eg og laga ein str større, 
enn den største i mønsteret.
Utvida i både vidde og breidde.
Jakka er strikka i eit stykke,
starta som i mønsteret,
med bakstykket
 - det var ein del telling undervegs,
for å få likt antall riller på armer og bak/framstykke,
fellinger og aukinger
 - på bærestykket var det litt sying for å få til vaffelmønsteret
 - akkurat passe stor til ei lita frøken
- garn: Viking babyull
 - mønster: Viking Design 1114
modell nr 8
- morro å prøve noko nytt,
- det var i grunnen ganske ok å strikke alt i eit stykke.

torsdag 18. august 2016

Bestefarstrøye i 2 grønfarger

Eg fekk i oppdrag å strikke ei slik trøye, 
men den måtte vera litt større enn største str i mønsteret (24 mndr),
ca 3- 3,5 år
 - eg kjøpte inn garn som største str i mønsteret, pluss litt ekstra
Garn: Bayull Lanett, Sandnesgarnsom brukt i mønsteret.
pinner 2 og 2,5 som i oppskrifta.
Det var enkelt å lage genseren større.
.
Eg var nok vel raus når eg kjøpte garn,
hadde nesten halvparten igjen når eg var ferdig.
Det vart nok til trøye i 6/9 mndr
og ei hue i 6/9 mndr.
- i tillegg har eg ein rest igjen,
som sikkert er nok garn til eit par små votter/sokker
Det har nok vore ein liten "kortslutning"
 i hoderekninga den dagen...
huemønsteret fann eg i same heftet
 - den store trøya har allerede reist Norge på langs,
og passer heilt fint til veslegutt.
Resten får sin plass i "ferdigskuffa"
og vil nok ein dag finne veien til ein annan heim.
 - mønsteret fann eg i dette heftet
Nr 1318 Sandnesgarn
Babyull Lanett
- neste gong eg skal handle garn
trur eg må ha med meg 
ein "reknegarnmengdeassistent".... :D