fredag 13. juni 2025

Møte med Niela Nell, Hoswick og Spinne/strikkegruppe, Witnes Hall

 Vår lokalkjente reiseleder Karin,
tok oss med til mange små lokale bedrifter.
Niela Nell, er ein av dei.
Niela Nell er ei godt vaksen dame,
som produserer flotte og unike strikkeprodukter.
Butikken er liten og vart snart overfylt,
når gruppa vår pressa seg saman innafor døra,
Niela Nell fortalde oss om henna produkt.
Fleire av produkta kan brukast
på ulike måter

det som går igjen på Shetland,
er bruk av farger.

genser strikka med vrangbord
på innsida av armen
denne jakke kan brukast som kort eller lang jakke,
alt etter kva veg du snur han.




mange fine og fargerike strikkeplagg 
Ei lokal strikke/spinnegruppe tok imot oss i Witness Hall,
Dei hadde laga utstilling av sine ting.
Vi hadde og med handarbeid 
som vart lagt ved sida av Shetlandsutstillinga
hekle og strikkeplagg 
igjen kan ein sjå at på Shetland bruker dei mange farger i sine produkt
Dei strikker som oftast kun med to farger om gongen



Lace er ein mykje brukt teknikk.
Likner litt på vår kunststrikk.
Mange garntyper blir brukt til Lace,
men mest imponerande var dei tinga som var strikka med tynt garn.
Det er fortalt at ved bruk av det tynnaste garnet,
kan ein dra eit større sjal gjennom ein giftering

mykje fint frå Norge og
Mange fine jakkker/trøyer med mykje mønster, Shetland
Her er Lace teknikken brukt.
Alle "rutene" har ulike diagram.
Tau til fiskegarn  er brukt,
og strikka med to kosteskaft.
Det ferdige produkt,
skal brukast til gjerde rundt hagen.
når ein ser på strikk frå Shetland og Norge,
så ser ein mange diagram som likner.
Fargesamansetninger er vel det som er det mest ulike.
Shetlandsdamene baud på kaffi,
og maaange kaker.
Drøset gjekk høglytt over kaffikoppen.
Ei gild stund.

mandag 9. juni 2025

Sauer, garn og ull på Shetland

Eg har vore på shetland ei veke.
Tematur med Karin på  Sommerakademiet
ull, kultur og historie.
Fin og opplevelsesrik tur,
og vi har fått oppleve Shetland,
"bak" turistmåla.
Allerede første dag, før vi har installert oss på hotellet,
er vi innom fleire plasser.
Mackenzies Farmshop, sauebonde og garnprodusent.
Dei tradisjonelle husa er bygd i stein og mur.
I den seinare tid er det komne opp fleire "norske" trehus,
som er mala i mange farger.
vi får helse på nokre av sauene,
og får høyre om drifta på dette bruket.
Det finns ikkje spinneri på øya,
så all ull må sendast til vask og spinning på fastlandet, Scotland


i det vesle huset har dei utsalget sitt
inne finn ein garn i mange farger,
og litt anna

nokre dagar seinare besøker vi Ronnie i Uradale.
Han fortel oss om shetlandssauen.
Dei har garn i mange fargenyanser, 
mønster og ferdige produkt for salg.
her er produksjonen økologisk
ingen kunstgjødsel, eller kraftfor til sauene
sauene har mange farger i ulla
alle fargenyansane på garnet,
har fått navn etter ting i naturen
sjølv om border collien passer godt på
klarer sauene å kome seg ut av inngjerdinga
like fort er dei tilbake igjen,
brunt er ikkje bare brunt
Ullmottaket Jamieson & Smith Shetland wool Brokers
Her høyrer vi om ullsortering 
om korleis dei deler inn dei ulike delene av ulla
her har han faren sin historie i hua
faren var fisker og dreiv med sau
mange farger saueull og ulike sauetyper på Shetland
litt av det dei produserer her
dei har til og med laga ei ekslusiv madrass i ull,
prisen er deretter.
og i dette utsalget finn ein mykje garn, 
oppskrifter, ferdige produkt mm for salg.

Eg har valgt å dele opp turen, 
i fleire innlegg.
I fotobloggen min skriv eg litt om naturen,
og stader vi har besøkt.

torsdag 29. mai 2025

Koftegenser ala Polmak kofte str 12 år og 14år/small

Bestemorgutten spurde tidleg i vinter,
om eg kunne lage ny koftegenser til.
Sidan det ikkje finns strikkemønster til desse,
så må eg gå ut frå gutten sine mål.
Guttten vart målt i alle retninger,
og eg starta på ein genser.
Av forskjellige grunner vart denne lagt til sides etter kort tid.
Det var jo ennå lenge til 17.mai....
Sånn etter Påske,
 vart arbeidet sett i gang igjen.
Med eitt så var 17.mai like om hjørnet.
Eg fekk det travelt, og såg vel helst at det ikkje skulle gå..
Eg "strikka i 90" seint og tidleg.
Genseren vart ferdig i veka før 17.mai,
og då var det bare posten som avgjorde om den kom fram i tide.
Eg var ikkje fornøgd med resultatet,
men gutten måtte jo få genseren til 17. mai,
så vask/damping og siste småting måtte mora ta seg av.
Genseren er strikka i babyull
Gutten har vakse etter eg starta på genseren
Eg hadde ingen prosjekt på gang akkurat då,
så eg gjorde innkjøp av garn,
denne gong Sisu.
Rekna meg fram til ein større størrelse,
og strikka i veg.
Denne gong med litt meir ro over arbeidet,
gutten veit ikkje at ny genser er under arbeid.
Sjølve genseren er enkel å strikke.
Det som er litt meir "hodebry" er alle detaljer både framme og bak.
Genseren skal jo vera mest mogleg lik Polmak kofta.
Det eg tykkjer er den største utfordringa,
er å få halslinninga fin og jevn.
Sjølv etter rundt 9/10 gensere
må eg ta opp att og rette på ting,
før eg seier meg sånn nokonlunde fornøgd.
Heller ikkje denne genseren blir vaska/dampa no.
Det er enno eit par små deltaljer som skal sys på,
kor langt skal det sys saman nederst i halsopninga,
samt sølv hekter som skal sys på.
Sølvet er i bruk på første genseren.
stripene bak, skal sys på med ein viss avtand mellom,
så mykje reknearbeid på alle detaljer,
Eg har nå strikka gensere, i fleire størrelser, 
etter kvart som gutten har blitt større.
Den minste vart strikka i ca 10 mndr.
Alle detaljer er godkjent av bestemorgutten sin samiske familie.
 Det er morro å lære om andre sine tradisjoner.
Neste gong bestemorgutten er på besøk,
reiser genseren nordover, heim til Finnmark.

fredag 16. mai 2025

Islender til barn

For ei tid tilbake,
begynte eg på denne genseren,
fordi eg ville ha noko lyst "utearbeid".
Har teke arbeidet fram innimellom,
så litt etter litt har arbeidet auka.
Genseren har ingen mottaker nå,
og blir derfor hengt på til salgs stativet mitt.
Ein dag vil nok genseren få ein heim.
her har eg brukt babygarn, og mønster frå Rauma

tirsdag 22. april 2025

Kopi av gamal utslitt hyttegenser

Eg fekk spørsmål om eg kunne strikke ein kopi 
av ein gamal og utsliten genser.
Mønsteret er ganske enkelt å kopiere,
så eg måtte i grunnen bare finne eit ok maskeantall :D 
båthals har eg ikkje laga før, 
men eg såg litt på den gamle genseren,
og fant snart utav det.
Sidan garntjukkelse osv ikkje er heilt likt,
så har eg laga eit endringer,
for å tilpasse mønsteret...
Genseren er strikka i Viking sportsragg,
pinne 3 og 4
 Nå får eg håpe at mottager får ein genser,
som fell i smak.

lørdag 12. april 2025

Pulsvanter ala Selbuvotter, Sandnesgarn

Ei dame som bruker rullestol,
spurde etter pulsvanter, 
som kunne brukast når ho er ute i Rullestolen
Eit par Selbuvotter, Sandnesgarn
vart utgangspunktet for desse pulsvantene.
eg prøvde meg litt fram,
med fingrer og størrelse

første par ferdig,
kanskje litt vide i tomler
det vart fleire par,
og tilslutt hadde eg ein god mal
til seinare bruk.
Eg vart og inspirert til å bruke opp rester av Peer Gynt og Smart
eit greitt arbeid, der ein ikkje treng å konsentrere seg så mykje,
 i ei travel tid,
Det minker på restane,
morro å sjå kva ein kan få ut av nokre smårester
Eit par skal eg ha sjølv,
har lenge tenkt at eg kunne hatt slike,
når eg er ut på fototurer.