tirsdag 15. desember 2020

Sokker og votter, Liverpool fotballklubb

Liverpoolsokker,
det stod på ønskelista til ein venn.
Eg leita litt og fann bilder/vottediagram
på pinterest
første paret vart ok,
- med nokre skjønnhetsfeil...
par nr 2
eg er nok meir fornøgd med desse
eg har brukt Viking sportsragg
og pinner nr 3
når eg først hadde vottediagram,
så måtte eg jo bare strikka eit par votter og
her brukte eg Rauma 3 tråds ullgarn

vottane skal rett i samlekassen
eit par sokker til ein venn
det 2. paret med sokker, 
finn nok og veien til ein Liverpoolfan

søndag 13. desember 2020

Jorids julekalender 2020 Julerose

I julekalenderen får vi først litt informasjon om garn, pinner mm
Mønsteret blir offentleggjort litt etter litt,
med 1 vekes mellomrom.
Eg valgte å bruke Finull Pt 2, Rauma og pinner 2,5
Første del
2. del
3. del
Ferdige votter
litt maskesting i blomane,
- noko eg ikkje fekk til.
Eg strikker vanlegvis inn alle detaljer,
slik at eg unngår brodering i etterkant.
finast på avstand...

Votter Julerose 
er nå klar for lagring i min store samlekasse

tirsdag 8. desember 2020

Kattefot sokker

Det som skulle bli eit par sokker til ein venn,
vart plutselig 9 par med ulike farger.
Det var morro å sjå at kattane vaks fram,
og stadig fann eg nye friske farger,
som eg "bare måtte" strikke med.
Eg trudde eg var ferdig med katteproduksjonen,
men når det vart spurt etter svart og grått,
så klarte eg ikkje å sei nei.....
Nå legg eg bort mønsteret for denne gongen..
Garn: Vikinggarn Sportsragg
mønsteret har eg funne i 
Familien 19/2020

fredag 27. november 2020

Huer og sokker med mønsterstripe frå Tana

Det kome eit ynskje frå nord,
om sokker og huer med mønsterstripe frå Tana.
I utgangspunktet skulle det vera to huer,
men eg oppdaga etterkvart at eg hadde brukt to typer garn...
Fort gjort når dei ligg ved sida av kvarandre i butikken..
Eg bruker vanlegvis Pt 5 superwash, Rauma
men hadde i farten teke med meg ein farge i Tumi, Rauma
som må vaskast med hand..
Nå kan mottaker velge maskinvask eller vask for hand
Huene er strikka med 2,5 og 3,5
sokkane med pinne 3

søndag 15. november 2020

Votter ala Samisk flagg

Eg har spurt litt rundt, 
om det finns mønster/designer til desse vottane,
men det har eg ikkje funne.
Vottane er strikka etter foto
av votter som er i bruk, i Tana.
Eg prøvde først å strikke i Ask (vott til venstre)
Blå og grønn har feil fargetoner.
Deretter fann eg fram noko 3 tr. Rauma garn,
( i midten) her er og grønn feil.
Til slutt søkte eg råd 
hos nokon som er litt meir kjent med dei samiske fargane.
Av dei 4 ulike grønnfargane eg hadde,
fekk eg klarsignal for den grøne i vott til høgre.
Når dette skal vera det Samiske flagget,
er eg litt oppteken av å få så rette farger som mulig.
vottane er enkle å strikke,
Eg hadde nok meir utfordring 
med å få rund og jevn sirkel.
Eg trur eg knekte koden tilslutt

    Pga vind og regn, så fotograferte eg vottane inne,
                då blir ikkje alltid fargane som dei skal,                  
     slik at bileta viser nok ikkje heilt korrekte farger,

mandag 9. november 2020

Barnehagevotter med dinosaur 1,5/2 år

Eg strikka dinosaurvotter i fjor,
til storebror med fleire.
Her om dagen hadde storebror vottane på i barnehagen.
Det var så stas med dinosaurvotter..
Storebror vart veldig oppteken av at veslebror
ikkje hadde slike votter.
Utpå dagen måtte storebror ringja til bestemor,
for å spørja om veslebror 
og kunne få slike dinosaurvotter.
Bestemor er ikkje vanskeleg å be.
Eg var bortom ein tur,
for å finne ut sånn nokonlunde størrelse,
og eg studerte eit par andre barnehagevotter.
Storebror kom for å sjå,
og lurte fælt på kor dinosauren var...
Storebror: no er dinosauren og vottane klar..
så ein av dagane som kjem,
 kan veslebror og ha dinosaurvotter i barnehagen.
planen var å ha grøne tomler,
slik at brødrene lett kan sjå kven sine votter det er.
Av gammal vane,
så strikka eg først eit par med svarte....
Vel, desse vottane er tydeleg populære,
det andre paret har og allerede fått ein eigar,
men det får han først vite til jul.
Garn: Pt 5 superwash, Rauma
pinner: 2,5
Det er morro når det ein lager vert så godt motteke.

tirsdag 3. november 2020

Okto (alene) votter

Eit Jorid Lindvik design.
Designet er inspirert av samisk klesstil og tradisjon. 
Motivet med reinsdyret er etter tresnittet “Okto” (Alene) 
av den samiske kunstneren John Savio(1902-1938). 
Farger og mønster i de brede mønsterbordene
er gjort som en heder til det samiske flagget.

Garn: Ask, Hillesvåg ullvarefabrikk
pinner: 2,5

den blå og grønne fargen 
har nok ikkje heilt rett fargenyanse,
i forhold til dei samiske fargane,
men det var desse fargane eg hadde heime.