onsdag 25. mars 2015

Votter 2015 Kautokeino-vott

I løpet av siste året,
har eg samla ein del hefter og bøker med oppskrifter frå Finnmark,
først og fremst for å lære litt om tradisjonar i nord.
Eg skal litt etter litt strikke meg gjennom ein del av oppskriftene,
 og først ut er Kautokeino -votten
 - i mine auge er dette den enklaste utgaven av vottane frå Kautokeino,
dei neste vil nok ta litt lenger tid..
- Garn: Pt 5 sport
pinner nr 3

torsdag 12. mars 2015

Votter 2015 Karius og Baktus

VÆRE GLAD 
Hei hurra, hurra, hurra ! 
Vi to har det jammen bra. 
Her i tennene til Jens er vi aldri sukkerlens. 
Søte karameller små er det beste vi kan få og så det som vi får nå: 
Deilig loff med sirup på. 
Tralalalala tralalalala tralalalala la la la la la. 
VÆRE TRIST 
 Alt som var av søtt og godt det er borte, stort og smått. 
Alt har børsten feiet bort, det var veldig dårlig gjort. 
Her er ikke noe nå, ingen karameller små, ingen loff med sirup på. 
Å, hvordan skal dette gå! 
.
 Boka om Karuis og Baktus er skeven av Torbjørn Egner
 Denne gongen har eg strikka Karuis og Baktusvotter
i oppskrifta er det ein størrelse, 2-3 år
 - eg la og opp nokre masker ekstra og laga dei litt lenger,
det vart eit vottepar i ca str 3-4 år
Vottane er strikka i Smart frå Sandnesgarn på pinner nr 3
Pelsgarn til håret var litt vanskeleg å få tak i.
I butikken eg handler, hadde dei kun eit par nøster med rustrødt,
men var lens for svart. 
Dette garnet viser seg å ikkje lenger vera i produksjon,
men eg fekk ein rest hos ei strikkevenninne, 
- akkurt nok til 3 vottepar
Om andre fabrikker lager tilsvarande garn veit eg ikkje.

tirsdag 10. mars 2015

Sokker til han og henne...

Denne gongen har eg brukt deler av mønsteret til Setesdalkofta
 - garn: Perfect frå Sandnesgarn
pinner nr 3 
- det er morro å strikke andre mønster
enn dei ein vanlegvis bruker..

tirsdag 3. mars 2015

Kofte og hue til veslegutt

Før du vart født,
strikka bestemor fleire plagg til deg,
men du vaks deg stor og lang
 før du fann det for godt å møte verden.
12 dager gamal bruker du klede i str 3 månader.
Det meste av det bestemor hadde strikka til deg,
var rett og slett for lite..
 - no har bestemor strikka nye og større plagg til deg.
Mønsteret er "Sirdal"
strikka på pinne 2 og 2.5 i Viking banbyull
  - jakke
 - hue
. i str 6 mndr
jakka har god vidde, så bestemor laga ho lenger enn på mønsteret,
så denne kan du bruke fram til det vårast der du bur.

lørdag 14. februar 2015

Votter 2015 gammel årgang

Eg har fått låne ei handarbeidsbok/hefte, 
etter ei dame som i si tid var handarbeidslærerinne
Her finns pensum for fleire alderstrinn i barneskulen,
grunnleggjande opplæring i strikking
.
STRIKKEBOG 
for
BARESKOLEN OG HJEMMET
utgitt av
KRISTIANIA
J.W.CAPPELEN FORLAG
1901
.
FORORD starter slik:
Strikkebogen er et tillæg til min høsten 1898 utgivne:
"Haandbog i kvindeligt haandarbeide"
Paa grund af mange forhindringer, er den bleven senere færdig 
end jeg fra først af  havde tænkt.
Bogen, som giver metodisk veiledning ved førsteundervisningen i strikning,
inneholder foruden strikkemodeller
 afpasset efter børnenes forskjellige alderstrin i barneskolen 
ogsaa flere andre strikkearbeider,
som kan passe for forsættelsesskoler og for hjemmet
osv
Kristiania 1901 Caroline Halvorsen
 - eg valgte ut votten i 3. klasse
eg brukte rester i Pt5 sport og pinner nr 3
 - votten har ekstra lang vrangbord 
og ser litt vel lang ut
 - det vert iallefall ikkje naken hud mellom vott og jakke
 - den andre votten eg valgte å strikka:
den "svenske" ret og vrangstrikkede vot
 - denne var og enkel å strikka
i mønsteret skal mansjetten strikkast tilslutt,
men eg starta nederst på votten,
for å sleppa å plukka opp desse maskene etterpå
- desse vottane er strikka i Rubin på pinner nr 3.
Det er morro å prøve ut både gamle og nye mønster

fredag 13. februar 2015

Votter 2015 kopi av kjøpevott

Ein kjøpevott kan vera eit godt utgangspunkt til heimastrikka votter
 Garn: Rubin og pinner nr 3
Vrangborda er strikka med 2 rette og 1 vrang
kopi av ein kjøpevott i damestørrelse,
vart snart til heimastrikka herrevotter

lørdag 7. februar 2015

Velkommen til verden

Når du melde din ankomst,
fann eg fram dei tynnaste strikkepinnane,
for å lage små plagg til deg.
Det var litt lenge sidan eg strikka slike små ting,
den første jakka laga eg litt liten
- eg starta på ny
denne gongen stemte mønster og størrelse,
 heile hentesettet og teppet var snart ferdig. 
 - medan du vaks deg større,
og vi venta på din ankomst
strikka eg nok ein jakke og bukse til deg, i str 3 mndr
 - mønsterstripa henta eg frå babysettet i Voss mønster
 - du skal bu i nord der vinteren er lang,
så ullbuske 
 - votter
 - sokker
- treng du mange av.
.
Nå har det seg slik at du tok deg god tid, 
du vaks deg stor og lang,
så stor at du sannsynlegvis går rett inn i dei største plagga.
Det er nok ikkje lenge før du treng endå større klede,
Du bur eit stykke unna, så vi må vente litt til før får møte deg.,
i mellomtida skal bestemor strikke større og meir passelege klede til deg.
.
Bestefar og bestemor ser fram til å bli kjent med deg, 
du vårt første barnebarn, som kom til verden i natt.