Så vart det nok ein runde med Selbuvotter
Eg har laga så mange par at eg stort sett ikkje treng mønsteret,
så dette har blitt eit "ta med ut" strikk
Denne gongen har eg omtrent tømt skuffa med
Eco Highland, Vikinggarn.
Under har eg sett saman smårester av Eco Highland
Eg er av og til innom Hillesvåg ullvarefabrikk,
ein gild plass å besøke,
der eg alltid blir glad når eg kjem inn
og ser mengden av ulike farger rundt på veggene.
Eg var på leit etter garn til andre produkt,
men kjøpte og med meg litt Sol,
med tanke på votter.
Med 100 g av kvar farge, fekk eg tre par votter.
Litt uvant å strikke med dette garnet,
men det ga absolutt meirsmak.
No er eg i gang med andre prosjekt.
Det vert nok meir Selbuvotter etter kvart.
Om eg ikkje treng eit lite "ta med ut" strikk,
så vert desse mønstera "sett på vent" ei tid.



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar