tirsdag 23. september 2025

Selbuvotter med snøfnugg og stjerne

Når eg besøkte Sjølingstad uldvarefabrik
kjøpte eg garn og mønsterpakke til votter.
i oppskrifta er det mønster til to votter.
Først strikka eg snøfnuggvottane,
i herrestørrelse
med 3 trådsgarn og pinne 3 
vart dei store og vide.
Eg vog restegarnet, 
og såg at det kunne vera nok til eit par til
eg valgte å bruke pinne 2,5
på stjernevottane
det vart for lite garn.
Ser du godt,
vil du nok sjå at eine votten har ulik blåfarge
øverst, og på tommel.
då eg hadde 3-4 omganger igjen på tommel
vart det slutt på den lyse fargen.
Eg var ikkje like heldig som med blåfargen,
og hadde ikkje noko som likna den lyse fargen.
for å få votten ferdig,
valgte eg å bruke litt kvitt på dei siste omgangane.
Vottane skal på votteveggen,
men uansett så vil dei varme like godt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar