lørdag 12. april 2025

Pulsvanter ala Selbuvotter, Sandnesgarn

Ei dame som bruker rullestol,
spurde etter pulsvanter, 
som kunne brukast når ho er ute i Rullestolen
Eit par Selbuvotter, Sandnesgarn
vart utgangspunktet for desse pulsvantene.
eg prøvde meg litt fram,
med fingrer og størrelse

første par ferdig,
kanskje litt vide i tomler
det vart fleire par,
og tilslutt hadde eg ein god mal
til seinare bruk.
Eg vart og inspirert til å bruke opp rester av Peer Gynt og Smart
eit greitt arbeid, der ein ikkje treng å konsentrere seg så mykje,
 i ei travel tid,
Det minker på restane,
morro å sjå kva ein kan få ut av nokre smårester
Eit par skal eg ha sjølv,
har lenge tenkt at eg kunne hatt slike,
når eg er ut på fototurer.

2 kommentarer:

  1. Fabelaktig hva du har fått til! Det gjelder å ta seg tid, prøve flere ganger og til slutt få et resultat som er bra. Godt jobba, og riktig god påske!

    Klem Ingunn

    SvarSlett