fredag 24. januar 2025

Bergenhusvotten, Festivalvotter for Bergen strikkefestival 2020

Mønsteret er inspirert av vestlandske mønstertradisjoner.
I Nordfjord hadde dei stolpetrøyene, 
som er tradisjonelle trøyer med vertikalt stripemønster.
I Fana har ein dei kjende fanatrøyene,
med enkle horisontale striper.
Også mønstra frå trikotasjefabrikken i Salhus
hadde ofte enkle stripemønster i sine mønsterarkiv,
og mønstertypen og fargevala her er inspirert av desse ulike tradisjonane.
Namnet Bergenhus blir i dag mest brukt om dei sentrale delane av Bergen,
men har tidlegare romma både Hordaland og Sogn og Fjordane (m.m.)
Bergenhus var også eit namneforslag 
då dei to områda igjen vart samla til eit fylke i 2020
                                      Mønster og garn er kjøpt hos Museumssenteret i Hordaland

                                  Garn: 3-tråds Museumstvinn, Norsk Trikotasjemuseum, 100% ull

                                                           Vottane er enkle å strikka

                                                      Tommel litt smal, elles god passform
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar