onsdag 18. august 2021

Fargerike Mariussokker

Eg starta på sokkeproduksjon, 
med tanke på gaver til venners, venner
i flaumområda i Tyskland.
Medan mine sokker var under arbeid,
kom det beskjed om at dei har nok klær nå..
Mine sokker vert det heilt sikkert bruk for ein annan plass,
Det er nok av gode formål å velgja blant.
Har stort sett brukt Viking sportsragg frå restekassen 
og pinner nr 3
Eg var ferdig med eit par i neon og svart,
og spurde bestemorgutten om det var fine farger.
6 åring såg på sokkane og svara:
"ja, men det var eit kult mønster"
Han vrir seg og kikker på mora,
mora forstår kva han vil, og ber han spør bestemor.
"Du bestemor, kan du lage slike sokker til meg?"
Bestemor må sei som sant er, at ho må kjøpe meir garn først.
for det var heilt klart, 
neon og svart måtte det vera.
Det går ein dag eller to,
det nærmar seg heimreis etter ferien her i sør,
og så kjem 6 åringen med same spørsmål.
"du bestemor, kan eg få slike sokker?"
Då MÅ jo bare bestemor få heim meir garn..
gutten fekk sokkar med seg heim,
og var så fornøgd.
som så mange andre strikkedamer,
så kan eg ikkje bare kjøpe eit nøste..
det vart fleire neonfarga sokkepar.
min favoritt er neon mønster og svart botn,
medan andre vil nok helst ha neon som botnfarge.

2 kommentarer:

  1. Dette var litt av en produksjon, og de neonfarga ble skikkelig kule! Skjønner godt at gutten gikk for slike. Vi skulle nok brukt mer farger på det vi strikker selv om grått og hvitt går til alt som vi sier. Og restegarnssokker varmer like godt som andre!

    Mvh Ingunn

    SvarSlett
    Svar
    1. og så blir ein jo glad av friske farger :D

      Slett