I slutten av oktober tikka inn ei bestilling
på mariusjakker til barn,
4 stk i alt, med sokker til...
- ingen problem tenkte eg....
men eg lurer litt på kor "i verda" eg var,
når eg lova dei ferdige i god til før siste frist for juleposten..
Eg har strikka i nitti,
for ikkje å snakke om hundreogti...
Sidan det var ynskje om sokker og,
valgte eg å bruke Silja garn og pinner 2,5 og 3
alt vart ferdig i tide...
(og skuldrane kan senka seg..)
str 2,3,4, og 6 år
- i god tid før siste frist er dei sendt til første stopp på vegen,
- der skal dei pakkast om,
og sendast vidare nord og sør i vårt langstrakte land..,
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar