fredag 10. juli 2015

Lett og enkelt feriestrikk

Denne gongen har eg funne fram restekorga med Siljagarn,
og pinner nr 2,5
Slike små sokker er raske å strikke,
og snart var det ein liten haug sokker
og mange tråder å festa.
 - når ein først kjem igang, går det eigentleg ganske fort å feste trådane..
.
einsfarga og fleirfarga garn i striper
 - i eine paret under har eg nokre plasser strikka einsfarga garn, 
for å få nok fleirfarga garn til eit sokkerpar.
Om ein ikkje veit om det, 
er det ikkje sikkert ein ser at det er brukt garn frå to nøster.
 - sokker med einsfarga striper
 - sokker der eg strikker til det er slutt ein farge,
og strikker vidare med ein ny rest.
Eg strikker alltid begge sokkane paralelt,
då får eg dei tilnerma like
 - tilslutt fleirfarga og einsfarge striper
- eit lett vask må til før sokkane er klar til bruk..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar